Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt garasjebygg for Per Gjeldnes Maskin

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. oktober 2017

No skal maskinene til Per Gjeldnes Maskin få tak over hovudet. På tomta til Todalen Industribygg bygges det no garasjeanlegg på rundt 650 m2, der det skal bli plass til det meste av maskinparken som selskapet har.

Heile garasjebygget blir på rundt 650 m2 når det står ferdig. Stålkonstruksjonane i fronten kjem frå den gamle Halsabrua. Foto: Jon Olav Ørsal

Nybygget er basert på kortreiste byggelement frå elementfabrikken til Talgø MøreTre i Todalen. Stålkonstruksjonane er også kortreist, da dette er gjenbruk av stålet i den gamle Halsabrua.  Per Gjeldnes Maskin overtok den gamle brukonstruksjonen da gammelbrua vart rive i 2002, og no kjem dei altså til nytte i nybygget.

Laurdag var det montering av takstoler på nybygget – til saman 80 takstolar skal løftast på plass og monteres. Bøvra Transport sørga for løftehjelp med kran og da vi var innom anleggsområdet i føremiddag var di godt i gang med monteringa.

Ein for ein vart takstolane løfta på plass av Bøvra Transport – til saman er det 80 takstolar som skal monterast. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. oktober 2017, 13:12