Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Etter brannen – må starte på nytt…

Jon Olav Ørsal Fredag 20. oktober 2017

Alle som har fulgt med på nyheitssending både i riksmedia og lokale media har lest om dei store skogbrannane i California og korleis det har påvirka kvardagen til fleire tusen familiar som har mista hus og heim.  Todalingen Birgitte Kvendset og  familien – Alberto og Madelin – mista alt dei åtte, og må no starte på nytt.

Dei er heldige som har forsikringa i orden, men vil likevel lide stort tap.  Familien har no klart å få tak i leilighet som dei kan bu i frå neste veke, men dei må likevel starte på nytt, da alt dei åtte vart øydelagt i brannen.

Vil du hjelpe til?
For å hjelpe familien til å kome i gang og etablere seg med ein ny heim, er det starta ein innsamlingsaksjon. Dersom det er nokon som vil være med og gi ei gåve så kan du bruke denne linken for å kome på nettsida til innsamlingsaksjonen.  Du kan her gje så mange US-dollar som du ønskjer på ein enkel måte. Enten under fullt namn – eller du kan gje ei anonym gåve, dersom du heller ønskjer det.

 

 

Publisert: 20. oktober 2017, 12:19