Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Hjemme»- med KunstLab

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Fredag 6.5 kl. 18.00 åpner KunstLab utstilling i Finstuå på Kulturhuset i Surnadal. KunstLab er kunstlinja ved Nordmøre Folkehøgskule, og dei har produsert en utstilling kalt «Hjemme».

Les heile saka

Dugnad i arboretet – klart for sesongstart

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2016

Onsdag kveld var det dugnad i arboretet for å klargjere til sesongopning som skjer komande laurdag kl 11. Dugnadsgjengen frå Surnadal hagelag, rundt 30 i talet, var rutinerte hagearbeidere og fikk raskt unna jobben og no er altså arboretet strigla og klar for å starte på ein ny sesong.

Les heile saka

Elevane fikk god respons på 10-kaffen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2016

Elevane fikk god respons når dei inviterte besteforeldra og bygdafolket på 10-kaffe i Todalen oppvekstsenter. Dei hadde dekt på i gymsalen og det var gjestar rundt alle bord når tida var komen. Elevane hadde nok budd seg godt, for dei hadde laga eit songkor der dei fikk god hjelp av vikarlærar Gudmund husby som for høvet […]

Les heile saka


To sikre vårtegn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2016

Dugnad på kyrkjegarden og brannvesenets spyling av plassen mellom Matkroken og Talgø er to sikre vårtegn. Måndag kveld var det nærare 40 personar som deltok i kyrkjegardsdugnaden, og med slikt mannskap var dugnadsarbeidet unnagjort i løpet av eit par timar og kyrkjegarden er «strøken» til konfirmasjonen komande søndag 8. mai.

Les heile saka

«Folkevandring» i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2016

Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!

Les heile saka

Alt for kropp og sjel, og evigvarande kjøkkenreiskap

Elinor Bolme Måndag 2. mai 2016

Litt for fint vêr må nok ta skulda for at det ikkje var full fres i Skulstua i går ettermiddag. Her hadde forhandlarane Solvor Lindseth Øyen og Inga Husby rigga seg til med sine salgsvarer. Inga er forhaldsvis ny som forhandlar av Forever Living. Ho starta opp i november i fjor, og tilbyr alt innan helse, velvære, fitness og makeup. Solvor derimot er atskillig meir erfaren med sine snart 16 år som Tupperware forhandlar.

Les heile saka

Kodeinnbrudd på Todalen.no

Ole Petter Talgø Måndag 2. mai 2016

Natt til søndag 1. mai ble det gjennomført et kodeinnbrudd på Todalen.no, som gjorde at enkelte besøkende fikk opp pornografiske annonser på Todalen.no. Vi har nå gjennomgått koden og fjernet kodesnutten som trolig har forårsaket dette innbruddet. Les mer om dette her.

Les heile saka

1. mai – Markerte dagen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Surnadal arbeiderparti markerte arbeidarens dag i Surnadal kulturhus søndag ettermiddag, der dei kunne by på både kultur, politiske appellar og tale for dagen med stortingsrepresentant Else May Botten.Det var Surnadal hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren som innleia programmet med ”Sir duke” av Stevie Wonder og mellom anna ”Come back to Sorrento” med Linda Humberset som solist. Vidare fortalte dei to ”Mot”-ambassadørane Elise Brøske og Elida Sofie Aase om arbeidet med ”Mot”-aksjonen og korleis dei jobba og kor stor betyding dette arbeidet har for deira personlege utvikling.

Les heile saka

Onsdag: Hagelagsdugnad i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Onsdag 4. mai kl 18 er det tid for dugnad i Svinviks arboret.  Surnadal hagelag har tradisjonar for dugnad i arboretet før sesongen startar i arboretet, og håpar at mange blir med og tek eit tak. Etter at dugnadsøkta er ferdig, blir det sosialt samvær og noko å bita i.  Ta med høveleg hagereiskap og bli med på vårens trivelegaste dugnad, freistar hagelaget.

 


På Aker stadion: – Avgjorde kampen i 90. minutt!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Vi kjem nok ikkje til å følgje tippeligaen på nært hald utover sommaren på Todalen .no, men vi gjer eit unntak for nabooppgjøret mellom Molde og Ålesund sist laurdag. Det skjedde egentleg ikkje så mykje gjennom kampen, og heilt til siste minutt var kampen utan scoring og det såg ut som sunnmøringane skulle få reise heim til Ålesund med eit av poenga.

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnad – måndag 2. mai

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. april 2016

Måndag 2. mai frå kl 18.00 og utover blir det kyrkjegardsdugnad ved Todalen kyrkjegard, melder soknerådet. Det oppfordrar folk til å bli med og rydde opp etter vinteren. Ta med høveleg redskap som trillebåre, rive, spett og spade.  Sjølvsagt blir det kaffepause og dugnadskaffe.