Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På Aker stadion: – Avgjorde kampen i 90. minutt!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Vi kjem nok ikkje til å følgje tippeligaen på nært hald utover sommaren på Todalen .no, men vi gjer eit unntak for nabooppgjøret mellom Molde og Ålesund sist laurdag. Det skjedde egentleg ikkje så mykje gjennom kampen, og heilt til siste minutt var kampen utan scoring og det såg ut som sunnmøringane skulle få reise heim til Ålesund med eit av poenga.

Men slik skulle det ikkje bli! I 90. minutt klarte Molde å få inn ein fulltreffar som gikk rett i nettveggen. Dermed sikra dei seg alle 3 poenga, til stor jubel både for Tornekrattet, publikum og ikkje minst for leiinga i MFK. – Kor rart det enn høres så var var vi invitert til kampen på Aker stadion av styreleiar Odd Ivar Moen. Han er fast lesar på Todalen.no, med relasjoner til Todalen gjennom svigerdotra Anikken Talgø, – og reisefølget til Molde denne dagen var forståsegpåararane Terje Talgø og Jens Betten.  Vi vart godt mottekne på Molde stadion av Odd Ivar, som tok oss med opp på ærestribunen med førsteklasses utsikt til heile stadion. Der trefte vi også dagleg leiar Øystein Neerland, og mange andre kjente og ukjente som vi helsa på.

Odd Ivar Moen og Øystein Neerland – styreleiar og dagleg leiar i MFK. Foto: Jon Olav Ørsal

Gjorde eit bitte lite stuntintervju med dei to i «direksjonen» i pausen, og da var dei ikkje heilt nøgde med situasjonen på banen. Men vi var egentleg enige om at MFk låg over gjennom heile førsteomgangen, og burde fått utteljing for det. – Men stemninga var betydeleg betre etter at 2.-omgangen var ferdig, og alle 3 poenga var velfortjent sikra i 90. minutt.

Odd Ivar fortalte at det laurdag var rundt 9.500 som såg kampen mellom ÅFK og MFK. Totalt er det plass til 11.300 på Aker stadion, og det er nok litt større forhold der enn vi er vant til på Bordholmen stadion.
– Odd Ivar fortalte vidare at fotballen og MFK er både hobby og lidenskap for han, og at han brukar mykje tid på arbeid for klubben. Først som aktiv spelar på MFK i perioden 1974 til 1987, og sia som styremedlem klubben frå 2000, og sitt altså no som styreleiar. – Dei siste åra har det vore heilt eventyrleg å få være med på utviklinga i MFK, seier han til slutt.

Seansen på Aker stadion er over, og Moen skal ned i garderoben til spelarane, og vi skal på heimveg etter ei artig og triveleg oppleving – og seier takk for at vi fikk kome til Aker stadion!

Nokre bildeglimt frå turen til Molde og Aker stadion.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 1. mai 2016, 13:49