Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. mai – Markerte dagen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Surnadal arbeiderparti markerte arbeidarens dag i Surnadal kulturhus søndag ettermiddag, der dei kunne by på både kultur, politiske appellar og tale for dagen med stortingsrepresentant Else May Botten.Det var Surnadal hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren som innleia programmet med ”Sir duke” av Stevie Wonder og mellom anna ”Come back to Sorrento” med Linda Humberset som solist. Vidare fortalte dei to ”Mot”-ambassadørane Elise Brøske og Elida Sofie Aase om arbeidet med ”Mot”-aksjonen og korleis dei jobba og kor stor betyding dette arbeidet har for deira personlege utvikling.Surnadal Hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren. foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal Hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren. foto: Jon Olav Ørsal

Mot_8926

Mot-ambassadørar – Elida Sofie Aase og Elise Brøske.  Foto: Jon Olav Ørsal

Magne Seierlund stod for dagens politiske appell og kor viktig 1. mai er som kampdag og symbol for solidaritet og likeverd. Han meinte med dagens situasjon med 135.000 arbeidslause så er parolen ”Arbeid for alle” like aktuell i dag som den gongen den vart lansert.Så var det Tordenskjold songlag innleia det vidare programmet med å synge ”Bruremarsj frå Valsøyfjord” som dei like godt tilegna dagens hovudtalar Else May Botten som opphavleg er valsøyfjording, før dei fortsette med ”Har du fyr?” og ”Blå salme”. Den siste med tone av Henning Sommero og tekst av Erik Bye. Dei fortsette vidare med ”No e sola komma” og ”No skin det sol” som også er Sommero-tonar med med tekst av Hans Hyldbakk.

Ele May Botten var dagens hovudtalar, og kom i sin tale inn på mange aktuelle tema. – Med rekordhøg arbeidsløyse må vi framleis stå på og oppretthalde kamplysta, sa ho mellom anna og viste til krisa i oljesektoren og korleis ein kan sette inn strakstiltak som å forsere naudsynt vedlikehaldsarbeid.Ho meinte også at det må skapast ny industrivekst ved å rigge landet for nye hundreår med framtidsretta tiltak. På same måte er det viktig med fokus på matproduksjon og god matsikkerheit. Ho meinte at slike tiltak ville gi meir effekt enn skattelette – og viste blant anna til Ello-saka. Lunken var ho også til kommunereforma og regionreform, og rosa måten dette har vore takla på lokalt. Ho håpa at det går an å lande dette med kompetanse og kløkt.

TordenskjoldSonglag_8933

Tordenskjold Songlag med dirigent Elin Persson. foto: Jon Olav Ørsal

MagneSeierslund_8929

Magne Seierslund hadde dagens politiske appell. Foto. Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 1. mai 2016, 20:51 - Sist oppdatert: 3. mai 2016, 20:11