Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjer som Vangsgutane – besøk Svinviks arboret!

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2016

I Vangsgutane nr. 31/1973 stoppar Vangsgutane på i Svinvika når dei er på tur heimatt til Todalen, og her treffer dei
ingen ringare enn Halvor Svinvik sjølv. I dag er det onsdag og langope til kl. 20, slik det er alle onsdagar i juli.

Les heile saka

Tid for medlemskontingent

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2016

For Todalen I.L. er det tid for innkrevjing av medlemskontingent, melder styret. Den siste tiden har alle fått lagt i postkassen med info om medlemskontingenten for 2016.

Les heile saka

Balldag med veterankokk

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2016

Da vi stakk innom Todalshytta på føremiddagen i dag var det full aktivitet på kjøkkenet. Tysdag er balldag på kjøkkenet var Åse Øyen og Jan Larsen i fullgang med førebuingane til balldagen. Og det var ikkje berre ei lita ballgryte som var i emning, men det var storkasserollen som stod på omnen og gjorde seg klar for 60-70 posjonar med potetball.

Les heile saka

Tid for å finne fram moltespannet?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2016

Det nærmar seg ein ny «moltesesong» og vi har fått ein liten rapport frå Jon Bruset, som er ein hyppig fjellvandrar, om stoda i fjellheimen. Litt tidleg er det nok enno, men etter bilda å dømme så vil det nok snart være modne molter enkelte plassar.

Les heile saka

Kartlegg bruken av Trollheimen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juli 2016

Verneområdestyret for Trollheimen ønsker å kartlegge bruken av Trollheimen, slik at det kan leggjast betre tilrette for slik bruk som brukarane ønsker. I samband med dette er det kome opp kassar for slik informasjon og registrering. Vi har observert ein på vegen inn til Nauståfossen og no er det kome på plass ein på Talgøsetra – på stien som går opp til Bjøråskaret.

Les heile saka

Bli med og lær deg fluekasting…

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2016

Er du interesserti å fiske, men er litt usikker på korleis du kan kome i gang med fluefiske? Da har du ein ypperleg sjanse til å lære meir om dette no. No kan du bli med og lær deg å handtere fluestonga – både eihands og tohands! Torsdag 21. juli blir det nemelg arrangert fluefiskarkurs med Arve Evensen som instruktør. Dette blir eit nybyrjarkurs som går ut på lære om utstyret, instruksjon i kasteteknikk og – blir avslutta med trening i elva.

Les heile saka

Kart over alle sommerturar

Elinor Bolme Sundag 17. juli 2016

IL Søya har nyleg fått laga eit eige kart over alle sommarturar i omlandet. Dette viser alle opparbeidde stiar og er merka med to ulike kategoriar; Trimturar og egna sykkelturar, heilt frå Gammelsetra i Stangvika til Inner Sulå på Nordvik. Kartet heng i storformat på Vang og viser veg.

Les heile saka

Amund Maarud møtte eit begeistra publikum…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2016

Eit begeistra publikum trossa regnbyene laurdag kveld og kom på friluftskonsert med jazzgitaristen Amund Maarud på Todalshytta – og jammen fekk dei valuta for pengane. Med Amund var det ”full trøkk” frå første akkord og publikum «var med» under heile konserten, – der han kjørte sitt soloshow.

Les heile saka

Langt unna urolegheitene

Elinor Bolme Laurdag 16. juli 2016

Det er store urolegheiter både i Frankrike og i Tyrkia for tida, og mange er uroa over familie og venner som oppheld seg i desse områda. Vi har i dag vore kontakt med Ingrid Pedersen som no snart har vore ei veke i Alanya i Tyrkia saman med ektemann Dan Roger. Dei bur ca 1 kilometer utanfor sentrum av Alanya, og dermed langt unna urolegheitene i Ankara og Istanbul, og har ikkje opplevd noko dramatikk og uro så langt kan dei berolige.

Les heile saka

Lydprøver: Maarud klar for konsert

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2016

På Todalshytta pågår det lydprøver for kveldens konsert. Da går nemleg Amund Maarud på scena med sitt soloshow på bakken framfor Todalshytta. Amund kom til Todalen fredag kveld og i dag har det vore rigging og lydprøver saman med Frank Botten frå DreamFarm lydstudio som har leid ut lydutstyr til konserten.

Les heile saka

Oppklart sak!

Jon Olav Ørsal Fredag 15. juli 2016

Saka om skadeverket som er påført bommen ved Rossåa Settefisk er oppklart, fortel Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor. Gjeldnes takkar media og publikum for nyttige tips for å oppklare saka, og syndaren har lova å gjere opp for skaden som er påført bomanlegget ved Rossåa Settefisk.