For august kan vi gratulere Thor Martin Holmestad som vinnar av månadens bilete, «I fyr og flamme». Vi gratulerer, og vil overbringe premien når vi har anledning. Det var ei jamn avstemning med mange gode kandidatar, men Thor Martins bilete stakk av med neste ein tredjedel av dei 220 stemmene.
Les heile saka
«Holenstua» ble laftet på Dovre i 1762, og flyttet til gården Holen Nordre i Folldal i 1859, og siden til Stormoegga skiarena i 1986. Huset har en grunnflate på ca. 50 kvm. + svalgang, og er i 2 etasjer hvor første etasje har ett stort rom, og andre etasje er delt i to like store rom. Folldal Idrettsforening ønsket å selge huset, og salgssummen ville i sin helhet bli brukt til et nytt servicebygg i idrettsforeningen`s skianlegg. Bygget ble lagt ut for salg, og kjøperen var en person fra Holmestrand.
Les heile saka
Søndag var det gudsteneste i kyrkja, der mellom anna presentasjon av dei kyrkjelege konfirmantane for neste år vart presentert. Det var prost Leif endre Grutle som var vikarprest, da det enno ikkje er tilsett ny prest i Stangvik prestegjeld. Det var forresten ikkje berre presten som var på vikarbasis, for Bernt Bøe som no er […]
Les heile saka
Måndag 18. september er det Kløvertur til Hjellnessetra. Turen går etter fin skogsveg i Hjellneseliene, og her kan ein ta ein rundtur eller gå att og fram.
Les heile saka
Todalen filial er open måndagar frå kl. 18.00 – 20.00, frå og med måndag 18. september.
Det blir som vanleg stengt i haustferien, 9. oktober. Siste utlånsdag i 2017 er 18. desember.
Les heile saka
Hjortejakta er godt i gang, men ikkje alle jaktlaga i bygda har starta haustens eventyr. Så langt er det berre Kårvatn jaktlag som har meldt om viltfall etter oppstarten 1. september. Kristoffer Nordvik fekk i dag eit prakteksemplar av ei 10-spiring i siktet og fekk inn ein fulltreffar.
Les heile saka
I dag arrangerte Todalen I.L. dugnad på Tjønnmyran igjen – denne gongen var det montering av utstyr i den nye klatreparken som ligg tett attmed gapahuken. Klatreparken er laga av solid tau, som er montert saman med solide lås. Så no kan både store og små «klatremus» ta turen for å trene opp både motorikk og styrke.
Les heile saka
Soknerådet minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 17.9.2017 kl 11:00, der neste års konfirmantar vil bli presentert for kyrkjelyden. Offer til Kyrkjebladet. Det er prost Leif Endre Grutle som forrettar.
Les heile saka
Torsdag var det ny stavgangtur for Stavganggruppa. Turmålet denne gongen var Søyådalen og innover til Mellingsetra. Det var bilskyss eit godt stykke innover, og siste biten vart gjort unna til fots. Til sammen var det rundt 60 deltakarar, og det er nok mesta rekord. Det store deltakartalet kjem nok delvis av at omsorgsklassen på Surnadal Vidaregåande skule deltok på turen. Dei gjorde også denne gongen stor lykke med traktering av sjokoladekake til kaffen.
Les heile saka
Den siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Stem på din favoritt nederst på sida, avstemninga er åpen fram til fredag. Vi beklagar forsinka avstemning, grunna sykemeldt teknisk stab.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen!
Les heile saka
Denne store kulturbegivenheten har nok gått under radaren til mange – så langt; tirsdag 19. september kommer Ketil Bjørnstad, Anne Grosvold og Ole Paus til Surnadal kulturhus.
Les heile saka