Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Festivalen fylte marknadsgata

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. juni 2018

Over tusen på konsert med Byting og Katastrofe snudde pessimisme til optimisme for laksefestivalen fredag kveld, da vêret vart betre enn meld og det var stor stemning  ved hovudscena på torgplassen.  Bra besøk var det også på marknadsgata utover laurdagen, og vi trur at folk kosa seg i det travle og litt kaotiske torgmiljøet i torggata.

Tor Hansen blir tidenes laksekonge med den store laksen på 14,05 kg – og 20.000 i premie. foto: Driva/Gøran Rønning

Den store nyheitsbomba laurdag morgon var sjølvsagt resultatet frå fiskekonkurransen i Surna laurdag kveld. Rekordlaks på heile 10 kg kom på land og bilder av laksekongen Tor Hansen florerte i media.  I Amfi-sentret var det sjølvsagt stor fokus på Thomas Tivoli som piska opp stemninga attafor butikksentret – til stor glede for store og små.

På Skei vart det full fart med Energikampen og store sterke karar som demonstrerte både tunge løft og stor styrke i programmet til Strongman. Der var det liksom ikkje måte på med krefter og styrke.   Dagprogrammet vart laurdag avslutta med minnekampen for Snorre Larsen på Syltøran stadion.  På kveldstid fortsetter programmet med liv i teltet og konsert med Ship of Fools og Stage Dolls på hovudscena.

Som troll av eske dukka Todalen Meieri opp på Skei i dag – Anders Gjeldnes og Olaug Kvendset delte ut smaksprøvar av gammelost og Yoghurt til publikum. Dei driv serieøst med planer om å starte eit samarbeid med produksjon av mjølkeprodukt. Olaug har råvarene og Anders har kompetansen etter mange år i næringsmiddelindustrien. Foto: Astrid L. Kvendset.

Vi tok ein liten runde og kan bidra med nokre bildeglimt frå marknadsgata og livet rundt.  Alle foto Jon Olav Ørsal

Søndag fortsett Norsk laksefestival – da ser programmet slik ut:

SØNDAG 24. JUNI

 
NÅR? HVA? HVOR?
11.00 – 17.00 Martnadsgate Skei
12.00 – 16.00 Thomas Tivoli AMFI Surnadal
14.00 Det store andeløpet Surna/Øye bru
15.00  Konsert med Surnadal Hornmusikk Torgplassen
16.35 Premieutdelinger Hovedscenen
16.50 Opptreden av vinner av AMFI Talenter Hovedscenen
17.00 Avslutningsshow  Hovedscenen

 

Publisert: 23. juni 2018, 19:06