Jentegjengen på SFO ved Todalen oppvekstsenter er for tida veldig opptatt av barbiedukker. I den anledning lurar dei på om det kanskje kan ligge noko ubruka rundt om i heimane i Todalen og omegn som dei kan få. Dei er svært takknemlge for både dukker og alskens utstyr som desse kan være «brukarar» av.
Les heile saka
I dag starta byggvaremessa «Bygg Reis Deg 2017» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Dette er ei kjempesatsing for heile byggevarebransjen som blir mønstra her – For Talgø er også dette den største satsing gjennom året, og marketingsjef Heid Snekvik rapporterer om skikkeleg respons på produkta dei stiller ut – «det er artig å vise fram nyheitene vi har og få så god tilbakemelding frå dei store aktørane».
Les heile saka
Førstkommande søndag arrangerer NRK den årlege tv-aksjonen. I år er det UNICEF som er innsamlar, og pengane skal gå til å gi utdanning til barn ramma av krig og konflikt.
Pr i dager det innkomme 18 500 096 kroner til aksjonen.
Les heile saka
Søndag markerte Søya/Todalen G10 at ein lang fotballsesong er over, og dei dro til aktivitetsparken på Tjønnmyra. Der kosa dei seg med grilling og fri leik i aktivitetsparken, og kaffe frå svartkjelen til dei vaksne som deltok i arrangementet.
Les heile saka
Måndag 20. november 2017 kl 19:30 inviterer fotballgruppa i IL Søya til halvårsmøte i klubbhuset på Søyabanen.
Les heile saka
Kultureininga vil informere laga om tilskottsordningar m.m. torsdag 19. oktober kl. 1900.
Forutan å informere om kommunale tilskottsordningar, vil ein også ta for seg endringar i spelemiddelordninga (t.d. nybygg eller rehabilitering av idretts- og friluftslivanlegg).
Les heile saka
Sesongen med Kløverstukvelder starter opp igjen i morgon kveld. Først ute er Røv Mølle med kornkveld. Da blir det besøk av Jan-Eivind Kvam-Andersen frå Yara. Han er agronom i Yara og skal snakke om gjødsling i korn.
Les heile saka
Måndag 16. oktober går Kløverturen frå Bruset og oppover skogsvegen over Haugligardane og i retning Brusetbotnane. Turen går etter fin skogsveg – grus, og bakkane er slake. Her er det to rastebord – først frampå Kleiva med utsikt utover bygda og like etter oppå lunningsplassen ved Botnbekken. Vi går same ruta både opp og ned. Dette er ein […]
Les heile saka
Laurdag kveld arrangerte soknerådet i Todalen konfirmantfest i Ungdomshuset; – her var både dei som vart konfirmerte i 1967 og dei som skal konfirmerast våren 2018 inviterte. Det var godt oppmøte både av konfirmantar med familie og bygdefolk, og det vart ein triveleg kveld.a
Les heile saka
Ein telefon til California i dag bekreftar at todalingen Jean Kvendset har det bra heime i Pope Valley, til tross for at det raser fleire hundre brannar i den nordlege delen av California der ho bur. – Klokka er berre 7 om morgonen når vi ringer, men Jean har alt vore opp eit par timar. Himmelen mot sør og aust er ekstra raud på grunn av røyken som ligg i lufta og minner om dei mange skogbrannane.
Les heile saka
Det er kanskje litt symbolikk i at årets stavgangsesong blir avslutta på Vang skistadion – da er vi nemleg «på sporet» til meir vinterlege aktivitetar. Før vi veit ordet av det kan det faktisk bli skiaktiviteter på Vang for vi skriv faktisk 12. oktober i dag. Nok om det – på dagens arrangement var det i allfall barmarkaktiviteter, og heile 47 deltakarar var med på dagens stavgang.
Les heile saka
Storli jaktlag har den siste veka jakta intensivt – først nokre dagar i Rodalen og dei siste dagane på Terråk i Bindal kommune, der dei leiger eit vald for jakting av elg.
Les heile saka