Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jamn kamp på Bordholmen

Elinor Bolme Torsdag 7. juni 2018

I går kveld fekk Søya/Todalen besøk av Tingvoll i klassen gutter 10 år på Bordholmen. Til no har dei lokale gutane møtt litt sterkare motstand, så dei øyna håpet om seier mot eitt av dei to Tingvoll-laga dei møter i serien. Heimelaget tok leiinga ganske tidleg, men Tingvollgutane held følgje slik at det sto 3-3 til pause.

I andre omgang tok bortelaget litt mykje kommandoen slik at dei låg under ein del, men Søya/Todalen tok seg innatt og tapa knepent 6-8 til slutt. Det tar gutane med knusande ro, for til helga kjem nye sjansar under Silregncupen på Syltøran.

Vi har fått tilsendt nokre bilder frå Knut Bergli i galleriet under.

Først publisert: 7. juni 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 6. juni 2018, 23:18