Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storveies oppmøte

Elinor Bolme Tysdag 5. juni 2018

Ski og friidrettsgruppa melder om storveies oppslutning på sesongens første lagseriestemne. Over 20 ungar med stort og smått møtte opp på Bordholmen for å delta i dei ulike friidrettsgreinene. Her var det både lengde, liten ball og 60 meter på programmet før dei populære trøbilane vart henta ut frå redskapshuset.

Litt sur og kald vind verka ikkje nevneverdig inn på ungane fortel ein godt fornøgd Gunnar Nordvik. -Vi håpar på like godt oppmøte neste veke også. 

Foto: Kjetil Sogge

Publisert: 5. juni 2018, 06:16