Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

PT-utvalget mobiliserer og inviterer til idédugnad

Elinor Bolme Tysdag 5. juni 2018

I går kveld hadde PT-utvalet styremøte og hadde i anledninga fått besøk av Surnadal Senterparti sin leiar Bergsvein Brøske. Bergsvein måtte innrømme at det var han sjølv som hadde invitert seg på besøk etter at han hadde lese på todalen.no at det skulle arrangerast møte hos PT denne kvelden. 

Den viktige dialogen

Bergsvein er 2. vara i kommunestyret og ønska å bidra til at Todalen får det rette fokuset på framtida, på lag med kommunen. -Eg blir lett engasjert når bygdeutvikling kjem på banen og ønsker å få endra desse til tider ubehagelege prosessane som vi ofte ser i enkelte saker. Han meiner derfor at kommunen og alle i kommunen må begynne å tenkje VI, ikkje «de på Skei» eller «de inni Todala». Vi er alle ein del av ein stor utkant som må samarbeide for å bli såpass attraktive at vi får blandt anna tilflytting, nyetablering og befolkningsvekst. 

Idédugnad for ei levande bygd

Og dette var PT-utvalget veldig enige i. Dette resulterte derfor til handling, med invitasjon til stor idedugnad førstkommande måndag i Todalen ungdomshus. Leiar i PT- utvalget Laila Kvendset Bergli håper derfor at det blir plassmangel i ungdomshuset denne kvelden. Her skal vi mobilisere for å få Todalen til å fortsatt bli ein attraktiv plass å bu på, og ikkje minst ein plass å flytte til! Vi ser at både Nordvik og Melhus har hatt stor auke i befolkningstalet dei siste åra, og dette må vel også gå an i Todalen, skyt Jo Gjeldnes inn.

Dei har derfor trua og inviterer alle i alle aldrar som:

  • har lyst til å engasjere seg for Todalen
  • vil jobbe med kartlegging av boligar/tomter/tilflyttarar
  • har ein ledig bustad
  • har ledige tomter
  • er litt nyskjerrig og kaffetørst
  • har lyst til å flytte til Todalen
  • tykkjer dette høyrest ut som eit spanande prosjekt og vil vite litt meir

 

Publisert: 5. juni 2018, 07:30