Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin, ny informasjonstavle oppsett i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. juni 2018

Onsdag kveld i nydeleg ver vart ei ny og fin informasjonstavle oppsett ved starten av Svinvikrunden. Her kan ein lese historie om dei tre vegane som har utgangspunkt i Svinvika- vegar som er bygde i kvart sitt hundreår. Vidare er det opplysningar om trimruta, altså, Svinvikrunden, kart og bilete.

John Moe, leiar i Todalen historielag, orineterte om planar framover. Dei andre på biletet er Dordi Vatn Hals, Marit Sanden Søyset, Anna Ingeborg Nordvik og Arndis Søyset. Foto: Dordi J H

Det var Kristoffer Nordvik frå Nordvik grendalag og  Sven Olav Svinvik frå Todalen historielag som sette opp tavla og slik «avduka» ho. Om lag 30 personar var med på avdukinga, og dei gav uttrykk for at tavla var både informativ og fint utført. Ganske snart vil det også kome eit «Turkort» som fortel om Svinvikrunden. Det vil bli å finne i Arboretet, på Halsbua og Turistinformasjonen på Skei.

John Moe, leiaren i historielaget, fortalde at det er planar om å få på plass namneskilt og kvilebenkar i Svinvikrunden.

Kaffeen i arboretet var open, så der vart det triveleg samling etter avdukinga. Her var det fint pynta bord og riktig gode kaker.

Triveleg i arboretet! Foto: Dordi J H

Hilde Staveli Solli og Katarina Wedelbävh Bladh i kaffeen i arboretet. Foto: Dordi J H

NY BROSJYRE

I kaffen er det no å få kjøpt ei flunkande ny brosjyre om Svinviks arboret, eit riktig fint og tiltalande hefte. Her kan ein lese om Anne og Halvor Svinvik, om historia til arboretet og om plantesamlingane: rododendron, bartre, lauvtre og prydbuskar, frukthagen og om sommarkafe og plantehandel. Brosjyra er rikt illustrert med interessante bilete og illustrasjonar. Bakgrunnsillustrasjonen på framsida er autentiske notatar frå dagboka til Halvor Svinvik.

Arboretet er vel verd eit besøk, både hagen og kaffeen har mykje å by på!

Ny og flott brosjyre! Foto: Dordi J H

Her på muren ved starten av Svinvikrunden er tavla festa. Foto: Dordi J H

Fin bomstring i arboretet no. Foto: Dordi J H

Fin bordpynt! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 6. juni 2018, 23:35