Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På flyttefot til Todalen…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. januar 2017

På MøreTre har har elementproduksjonen nærast levd på legd dei siste par åra. Da det var bygd ny fabrikk for MøreRoyalproduksjon flytta elementavdelinga inn i midlertidige lokaler på Trollheim Industrier – No flyttar dei inn i permanente lokaler i fabrikkanlegget i Todalen, og der skal dei være på plass og i full produksjon i mars. Flyttinga startar alt om eit par veker.

Les heile saka


Innkalling til årsmøte i Surnadal Golfklubb

Elinor Bolme Fredag 27. januar 2017

Også Surnadal Golfklubb, vårt aller nyaste medlem her på todalen.no kallar no inn sin emedlemmar til sitt årsmøte den 20. februar på Thon Hotel Vårsøg. Innkomne saker må sendast til leiar Oddvar Væge (oddvar@svorka.net) innan den 8. februar.

Les heile saka

Årsmøte Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2017

Styret i Todalen Sanitetsforenig melder om ei lita endring for klokkeslettet til årsmøtet den 6. februar. Møtestart er 18.30, ikkje 19.30 som tidlegare annonsert. Etter det formelle årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte med besøk av generalsekretær Grete Herlofson og valg av nytt styre i omsorgsberedskapsgruppa.

Les heile saka

Vil du prøve deg på skiskyttarmerket?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. januar 2017

Dersom du vil prøve deg på militært skiskyttarmerke, så har du no sjansen. Laurdag 28. januar er det merkeprøve på Toreseter i Bæverdalen. Det er to klassar – med militær uniform og med militære ski og sivile klede og ski. Merkeprøven skjer i regi av Indre Nordmøre Forsvarsforening.

Les heile saka

Sjakkturneringa godt i siget…

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. januar 2017

Søndagskveldane er det full aktivitet i Kaffekroken på bitikken. Sist søndag var ikkje noko unntak, og da vi stakk innom ein snartur for å lodde stemninga så bar den preg av stor tankeverksemd og tikkande klokker som tok tida. Tilsaman er det 17 personar som deltek i turneringa som skal gå heilt fram til påska – med finale i ungdomshuset 2. påskedag

Les heile saka

Sel skiutstyr: – Byr seg fram på NORSPO-messa…

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2017

Medan det har regna og rasa som verst i Dalavegen har gjengen på Kårvatn Handelskompani vore mest opptekne med NORSPO-messa i Exporama Senteret utafor Oslo. Der stiller dei 5 mann sterke og har hatt god respons både på kolleksjonen av kjente merkevarer og på ny merker som no er på veg inn i utvalet, fortel Gudmund Kårvatn.

Les heile saka

Meir trøbbel i Falla – ras ved Kufallfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2017

Søndag ettermiddag vart det oppdaga at det har rasa masse ut i elva ved Kufallfossen. Det er heilt oppå toppen av Falla, og der du har bergveggen på høgresida og rett ned i elva på vestre side av Dalavegen. Her har det rasa ein del masse ned i elva, slik at raskanten går ein halvmeter frå glidekanten på nersida av vegen.

Les heile saka

Med vêr og vind til ettermiddagskaffen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2017

Ettermiddagskaffen til Todalen historielag er populær – søndag ettermiddag samla dei rundt 50 personar i ungdomshuset. På programmet stod kaseri om ver og vind – ord og uttrykk med Gunnvald Bøe frå Bøfjorden.

Les heile saka

Stabilt i Falla etter regnet

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2017

Det ser ut til at forholda i Falla er stabile, etter at regnvêret har gjeve seg. Natt til fredag var det ekstremt regnvêr med 30-40 millimeter nedbær i løpet av nokre nattimar, og det var nok til å løyse ut nye ras i det rasutsatte området i Falla.  I Løpet av går degen var det […]

Les heile saka

Skileik avlyst

Elinor Bolme Laurdag 21. januar 2017

Skigruppa melder om minimale mengder snø på Tjønnmyra og må derfor avlyse morgondagens planlagte skileik som skulle ha starta klokka 14.


Nytt årslotteri er på plass

Elinor Bolme Laurdag 21. januar 2017

Todalen Sanitetsforening melder om at nytt årslotteri er på plass. Denne gongen er det valgt nok ein lokal bidragsytar som er velkjent for fine bilder, i alskens variantar; Kristine Saksen Ulvund.

Les heile saka