Eit sikkert vårteikn er Sanitetskvinnenes sal av maiblomster. I dag var May Elisabeth Holten på plass utafor Matkroken, der ho bydde fram fleire typar maiblomster. På biletet er det Marit S. Søyset som er kunde og sikrar seg maiblomster både til bilen og til jakkeslaget.
Les heile saka
Laurdag stakk vi innom Krigsminnesamlinga på Åsen, der det var dugnad på andre dagen. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og når vi blir fleire er det fort gjort å rydde etter vinteren. I maidagane er det og stor aktivitet både i Indre Nordmøre forsvarsforening og på Krigsminnesamlinga, fortel Olav Jostein Holten som er leiar i foreninga.
Les heile saka
Forrige veke hadde Surnadal kommune besøk av Fylkeskonservator Bjørn Ringstad og kollega Guro Dahle Sanden for å avdekke mulege historiske funn på Nordvik. Fylkeskommunen har innsigelse til den kommunale reguleringsplana i området på grunn av nærheit til kulturminna som vart oppdaga under tomtegravingane tidlegare
Les heile saka
I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet.
Les heile saka
Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot elva og Halsabrua.
Les heile saka
Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.
Les heile saka
Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.
Les heile saka
Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune fortel at dei i dag har hatt befaring til Øyabrua. Der vart det oppdaga at sperresteinane som skal markere tillatt breidde på 2,10 m for kjørety som kan passere er flytta. Nokon har teke seg til rette og flytta steinane, og det var lett å sjå traktorspor på begge sidene av brua. Dette er hærverk på offentlig eiendom, og går direkte på helse, miljø og sikkerheten til brukerne av brua. Det er tross alt en grunn for at sperresteinene står som de gjør, seier han. Kommunen er villige til å gje ein sjanse, men….
Les heile saka
Vi er klare med april sine blinkskudd, kva bilete likte du best?
Les heile saka
Laurdag 5. mai blir det salg av maiblomster framfor Hals, både bilblomster, krans og pin. Sanitetskvinnene har seld maiblomster sidan 1909, og har skaffa over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. I år går inntekta til arbeid til beste for barn og unge landet over.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på «Billaget» på Surnadalsøra tirsdag 8.5. kl 1500. Orientering ved Jon Mogstad. Etterpå går turen til Hammerstuene, der det blir servering og loddsalg.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre Brigadeveteranforening og Norsk veteranforening for internasjonale operasjoner minner sine medlemar om markeringa av 8. mai som frigjøringsdagen og Forsvarets veterandag. INF innleder i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening en tradisjon med 8. mai-markering lokalt. Dagen markeres også med utdeling av medaler til 8 Tysklandsbrigadeveteranar.
Les heile saka