Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor dugnadsinnsats!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. november 2018

Laurdag 10. november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.

Dugnadskarar. Frå venstre: Lars, John og Ivar. Foto: Dordi J H

Dugnadsgjengen var heldige med veret; tørt og fint, litt frost i bakken, men landvind og 12 varmegarder. Ideelt ver til skogsarbeid! Dugnadsleiar, Carsten Bohle, var godt fornøgd med oppmøtet og syntest at dei fekk gjort mykje. Men det blir nok mange fleire dugnadsøkter framover, for enno står det att mykje skogrydding.

Skal arbeidet gå rakst og godt unna, er det viktig at motorsagene verkar godt. Carsten og Johan. Foto: Dordi J H

«Men utan mat og drikke duger helten ikkje», heiter det i eit ordtak. Og dagens arbeidskarar fekk skikkeleg servering etter eit par timars arbeid, det sørga Steffi, Jorunn og Ragnhild for.

Kaffepause ved Båthølen. Rundt bordet frå venstre: Lars, Carsten, Harald, Steffi, Jorunn , Ragnhild, Finn, Knut, John, Johan og Ivar. Foto: Dordi J H

Kvist, greiner og småtre skal bli til strø i fjøset i Oppistuå på Hjellnes, men resten kan fritt avhentast til ved etter avtale med Carsten Bohle. Markus starta opp med vedhenting alt i dag. Han stilte med sykkel og sykkelvogn, lette kjørety for ikkje å skade dyrkamarka.

Markus fraktar heim ved til vinteren. Foto: Dordi J H

Når turstien blir ferdig, vil han nok bli til glede for mange!

Fleire arbeidskarar:

Harald måtte ta ein pause for å slå av ein prat med fotografen. Foto: Dordi J H

Finn i aksjon med motorsaga. Foto: Dordi J H

Publisert: 10. november 2018, 15:54