Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feiarane utvidar pipesortementet sitt

Elinor Bolme Fredag 22. juni 2018

I løpet av 2018 og 2019 skal feiarane Hans Christian Harstad og Marie Martinusen  i Surnadal kommune kartleggje alle hytter og fritidsbustader etter at den nye forskrifta om brannforebygging trådte i kraft 1.1.18. Forskrifta seier at kommunen skal sørgje for at røykkanalane i fyringsanlegg som blir bruka til oppvarming av byggverk skal feiast, og at dei same fyringsanlegga skal førast tilsyn med, etter behov.

Les heile saka

Filmhelg med mange godbitar

Steinar Hasselø Fredag 22. juni 2018

Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.

Les heile saka

Nauståfossen var målet for dagens stavgangtur

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Siste stavgangtur før sommerferien gikk torsdag til Nauståfossen ved Kårvatn. 35 deltakarar var med på turen innover til Nauståfossen og tilbake igjen til Kårvatn. Etter eit par månader med finvêr var vêrgudane litt mer i ulage i dag, så kaffepausen etter vart arrangert i den flotte gapahuken til Todalen Idrettslag på Tjønnmyra.

Les heile saka

Alternativ trening og sosial avslutning

Elinor Bolme Torsdag 21. juni 2018

I går kveld møttes spelarane på Søya/Todalen G/J 10 til alternativ trening og sesongavslutning på Tjønnmyra. Kveldens trenar var Gunnar Nordvik, og han introduserte ungane for den fine hinderløypa som no har gjort Tjønnmyra skiarena til eit heilårsanlegg.

Les heile saka

I helga: Laksefestival med allsidig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Sjølv om det er laksen som står i sentrum denne helga, så kan Norsk Laksefestival by på eit allsidig program som kan friste dei alle. Du kan i grunne velge og vrake i aktivitetar både for deg sjølv og for heile familien. Det heile startar egentlig når Camp Villaks etableres ved Skeishølen torsdag ettermiddag, og sia går det slag i slag gjennom heile helga.

Les heile saka

Til Talgøsetra med trimgruppa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Våren er ei aktiv tid med mykje trimaktivitetar, og denne gongen var det Todalen idrettslags trimgruppe som hadde invitert til trimtur til Talgøsetra. Med start frå Sandbakkan gikk turen opp etter skogsvegen i Huslia, og opp til trimposten på Talgøsetra med 8 deltakarar inkludert vår utskremte.

Les heile saka

I dag: Balldag på programmet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Tysdag er balldag på Todalshytta – førstkomande tysdag (25. juni) er vi i gang med balldag igjen, fortel Jan Larsen og Terje Kristiansen som held koken på Todalshytta. Potetball er handverk, så vi har sikra oss Åse Øyen som gjestekokk med spisskompetanse på balldagene i sommar. Det blir servering frå kl 14 og så langt det rekker til kl. 17, kvar tysdag.

Les heile saka


Gaupe på besøk – fikk seg ein støkk…

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Katarina Wedelsbäck Bladh fikk seg nok ein støkk, da ho fikk besøk av gaupa rett utafor kjøkkenvinduet måndag kveld. Katarina som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret, bur i servicebygget på arboretet, og satt ved kjøkkenbordet og jobba da ho fikk besøk. – eg kika tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvinduet, og der kom gaupa spaserande, fortel Katarina til Todalen.no.

Les heile saka

Jonsvake med bokslepp i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Boka «Kyrkja i Åsskard – med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet» blir sleppt under Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag kl. 22. Etter kaffepause blir det så midnattskonsert. – Boka omhaldlar 700 år lokal kyrkjehistorie – mest om Åsskard kyrkje. Her er aktivitet i nyare tid sterkt framheva. Det store prestegjeldet rundt Halsafjorden frå mellomalderen har og fått […]

Les heile saka

Innovativ betaling på Matkroken

Elinor Bolme Onsdag 20. juni 2018

Matkroken Todalen er første dagligvarebutikk i Surnadal, og blant berre ei handfull butikkar som betjener sine kundar med «Kontaktløs betaling» fortel Finn Ranes ved Surnadal Sparebank. Ein kan med denne løysinga betale varer for opptil 200 kroner berre med å vise kortet. Altså UTAN å sette inn kortet i terminalen eller slå kode. Ved høgare […]

Les heile saka

Eiga t-skjorte blir lansert på Todalsdagen

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2018

På Todalsdagen blir den splitter nye todalsskjorta lansert. Dette er ei T-skjorte som no er under produksjon og som er venta å ankomme Todalen til neste laurdag. Det er prosjektgrupa i Toåa tursti som står som utviklar og bestillar, og inntekta vil derfor gå til tutrstien fortel Michal Heimlund. Og ideen kom under den vellykka basaren på mai, der Torkjel Ansnes Moe meinte at vi absolutt skulle ha hatt eie eiga todalsskjorte.

Les heile saka