Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivaprisen til Einar Sødergren

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mai 2017

Det var slett ikkje uventa at Einar Sødergren fikk årets Kleivapris. Einar har lagt ned ein stor innsats på fleire plan for song- og musikklivet på Indre Nordmøre. Sødergren blir omtala som multitalent, og vi kan vel berre nemne «My Fair Lady», «Sommer i Tyrol», «Bør Børson», «cABBAret» og «Huldredans» som er nokre av dei store verka frå hans hand.

Les heile saka

Kva med eit bakeri i hagen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. mai 2017

Laurdag gikk vi oss borti eit «hagebakeri» utafor butikken til Hagland og Byggmakker. Det var ein demo av vedfyrte bakeomnar som du kan montere i hagen og som du fyrer opp med ved. Dei to som «jobba på bakeriet», Heidi Wiig og Aud vegerstøl starta på fredag, og skulle halde på til og med søndag ettermiddag.

Les heile saka

Vårløysing – regn og snøsmelting med middelflaum

Jon Olav Ørsal Fredag 26. mai 2017

Regn og mildvêr i nattens mulm og mørke har ført til at Toåa i løpet av natta har påassert grensa til middelflaum. NVE har definert vassføring på over 74,48 m3/sek som middelflaum for Toåa og denne grensa vart såvidt passert i 03-tida i natt da målestasjonen ved Storfossen registrerte 74,54 som høgaste vassføring

Les heile saka

Ikkje riktig flaum, men stor elv

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mai 2017

Flaum er det nok ikkje, men vassføringa ved 21-tida var på 53 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. jamnt og trutt har elva vokse utover dagen, frå knappe 20 m3/sek i dag tidleg og kl 21 var altså vassføringa på 53 m3/sek

Les heile saka


Dataklubben med sommarferie

Elinor Bolme Onsdag 24. mai 2017

Surnadal Pensjonistlags sin populære dataklubb tek sommarferie frå i dag melder dei i ein e-post til redaksjonen. Det blir oppstart att etter ferien, i slutten av august. Dato blir kunngjort  på Trollheimsporten og her på Todalen.no.


Kunngjering dødsfall

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Grunna feil hos Tidens Krav og at Driva ikkje kjem ut før i morgon er det ønskeleg med ei kunngjering frå Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå AS.

Les heile saka

Blide tross tap

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.

Les heile saka

Første fellestrimmen gikk til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Måndag kveld var det start på sesongen for trimgruppas fellesturer. Årets første fellestur gikk til Nauståfossen men surt og kaldt vêr gjorde at deltakartalet var forholdsvis beskjedent – 6 deltakarar vart med på turen

Les heile saka

Startar aksjon for innsamling av skrapmetall

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Surnadal kommune, Retura og Hamos dreg i gang ein aksjon for å samle inn skrapmetall i heile Surnadal kommune. Dette blir som eit spleiselag, der kommunen tek dei ekstra kostnadane med transport og utplassering av containarar den veka aksjonen pågår. Levering av skrapmetall er gratis elles også, dersom du leverer på stasjonen til Hamos, men unden denne aksjonen blir det altså gratis henting. Målet er å hente inn minst 15. tonn med skrapjern i denne aksjonen – men gjerne meir.

Les heile saka

Sissigrenda: Minidugnad og nye vassbord

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

I Sissigrenda fikk postkassestativiet ein liten facelift på laurdag.  Anders Kjetil og Rune nytta finversdagen til å skifte ut vassborda på postkassestativet. Det  var meir råteskade enn dei rekna med, og no vart det skifta til royalbehandla mateerialar, og reknar med at det blir lenge til neste gong. Og det siste døgnet har dei også fått testa om det vart tett!