Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med stein på stein vart varden på Norskeplassen til

Jon Olav Ørsal Måndag 14. januar 2019

På «søre luten» av Gran Canaria ligg det fleire turistbyar som kvart år har massevis besøk av massevis av norske turistar – trur faktisk det dreier seg om så mange som rundt 350 000 i året. Puerto Rico fristar mange, og her er mange prislister og plakatar på norsk i tillegg til andre språk. Når du høyrer folk snakkar på gata, så er det ofte norsk dei talar.
Mange av turistane har langtidsopphald her, og mange både korttids- og langtidsturistar er flinke til å trimme når dei er her. Eit populært mål for trimturar i området er sjølvsagt Norskeplassen – på 315 m.o.h. og ein stor times gange er den populært mål for trimmarar både frå Puerto Rico, Anfi og Arguineguin.

Norskeplassen ligg 315 m.o.h. og med ein stor times gange er den turmål for mange trimmarar både frå Puerto Rico, Anfi og Arguineguin. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Det norske klubben på Gran Canaria som etablerte denne plassen så tidleg som i 1990, og plassen er mykje bruka både til utflukter og til kulturarrangement av ymse slag. Ved plassen er det også reist ein stor varde, som ruver godt i terrenget. Her der det nok mange som har vore med og lagt på stein og dermed og delteke i bygginga av varden.
Litt spesielt var det nok at vi trefte på sjølve «gründeren» som starta prosjektet med den store varden ved «Norskeplassen» for fleire år sia. – Og ein oppdagar jammen at verden ikkje er så stor, når han fortel at han også har genar frå Nordmøre – eller rettare sagt frå Vågland. Stig Liabø har nemleg vore her på ferieturar i mange år, og har bruka mykje tid på vardebygginga saman med kona Elisabeth Skarstein.

Stein på stein – Stig Liabø (i midten på bildet) starta bygginga av varden ved Norskeplassen for mange år sia. Han har hatt god hjelp av kona Elisabeth Skarstein (til høgre på bildet) og mange andre med å bygge varden så stor. Foto Jon Olav Ørsal

Stig, som no bur i Bergen, fortel at han har vokse opp i Klæbu, men at han har mange slektningar og kjente på Vågland. Han fortel vidare at han har fleire planer med varden på Norskplassen, der det skal bli både bok for turregistrering, og skikkeleg bord og benkar – sjølvsagt laga i stein. Det blir iallfall spennande å følgje med den vidare byggeprosessen…..

Stig Liabø har aner frå Nordmøre – faren kom frå Vågland, der Stig har mange venner og slekt. Det var Stig som starta arbeidet med varden, som enno ikkje er ferdig. Det er nok mange som har ytt eit bidrag med å legge stein på varden ved Norskeplassen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Norskeplassen i fjellet ovafor Puerto Rico som ligg ned og til høgre på biletet. Vi ser at varden ruver godt i terrenget. Foto: Jon Olav Ørsal

Skilting er mangelvare i fjellet på Gran Canaria – unntaket er ved Norskeplassen der disse skilta stod. Kanskje ei oppgåve for Den Norske klubben i området? Foto. Jon Olav Ørsal

Norskeplassen har vore samlingsplass for nordmenn på Gran Canaria sia 1990, da plassen her vart etablert. Her foregår både kulturarrangement og er elles samlingsplass for nordmenn i området. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. januar 2019, 15:41