Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjømannsprest og veteran – no på tredje turen til Gran Canaria

Jon Olav Ørsal Sundag 13. januar 2019

I januar er Torbjørn Brøske stasjonert i Arguineguin som prestevikar i rundt ein månad. Tidlegare har han og kona Rannveig gjort teneste her i 3 månader i 2015, og ein kortare periode i 2017 – da feira dei forresten jul her, og hadde deler av familien på julebesøk. Og det er slett ikkje nokon nybegynnar som tek teneste i Sjømannskyrkja på Gran Canaria, for Torbjørn har gjort teneste i til saman 14 år i Sjømannskyrkja på forskjellige plassar.

Sjømannskirken ligg idyllisk til ved stranda i Arguineguin. Kyrkjerommet har plass til rundt 100 personar – ofte er det for lite og dei må leie plass til gudstenesta i den katolske kyrkja. Foto: Jon Olav Ørsal

Første turen gjekk til Stockholm, og sia har han vore stasjonert mange plassar rundt i verda – men dei lengste periodane har vore i nettopp Stockholm, San Fransisco og Paris. Men det har etter kvart også vorte mange «turistmål» slik som Alanya i Tyrkia og fleire plassar i «fastlands-Spania».
Her i Arguineguin på Gran Canaria har vi veldig mykje besøk i Sjømannskyrkja, og det er veldig mange som deltek i gudstenestene her – faktisk så mange at kyrkja ofte blir for lita. Kyrkja vi har sjølve har plass til knappe 100 personar, så vi må ofte låne lokale i den katolske kyrkja som har plass til 3-400. Når vi har så mange er det både turistar på korte og lange opphald. Mange bor forresten 3-6 månader har ned kvart år, og vi har mange slike som faste gjestar på kyrkja.

Torbjørn er også dyktig musiker – til ære for fotografen tok han «Leirfivellandet» på piano – ein melodi sonen Trygve har komponert. Klikk her så får du høre!  Foto: Jon Olav Ørsal

Torbjørn blir engasjert når han fortel om gudstenestene med 3-400 deltakarar og salmesong som nærast løftar taket på kyrkja – da er det artig å delta i gudstenestene, og det er mykje av grunnen til at eg tek på meg presteoppdrag her no. Det er forresten populært å gifte seg i kyrkja har – på årsbasis har vi meste 100 vigslar – i 2018 vart det 95, men eit år tidlegare var vi oppe i 120.
På Sjømannskyrkja i Arguineguin er det 12 faste tilsette. Om vinteren er det ekstra pågang så da er det ofte 3-4 vikarar i tillegg. Akkurat no er vi 2 prestar, og i tillegg har vi diakonar som bl.a. besøker folk som hamnar på sjukehus her – vi har avtale med 3-4 sjukehus som vi avtalar sjukebesøk med.

Den norske sjømannskirken i Arguineguin – her er det mykje besøk og blir teken godt i mot. Varemerket til sjømannskirken er kaffe og nystekte bakels. Foto: jon Olav Ørsal

No er det som sagt mest turistar som besøker Sjømannskyrkja, men går vi tilbake til 1965 så var det til saman 65.000 sjømenn som stakk innom ei av sjømannskyrkjene run om i verda. Torbjørn blir alvorleg når han fortel om kor stor betydning Sjømannskyrkja hadde den gongen. – Den var første plassen sjømennene kom innom når dei kom i land etter fleire veker i sjøen. Da var det mange behov som dukka opp og som kyrkja kunne hjelpe til med. – Eg tykkjer det er veldig artig å snakke med gamle sjømenn og korleis det var den gongen, og har forstått at det var ei heilt anna tid. Men som sagt tykkjer eg det er viktig å få med meg den historia for å få forståinga av korleis historia eigentleg er, seier Brøske.

Men no skal Torbjørn altså ta ein tørn på kyrkja her i Arguineguin ein månads tid – til sterk kontrast til snø- og holkeføre her heime, så er det 20-25 varmegrader her. – Seinare i månaden får han også besøk av kona Rannveig som blir her dei siste par vekene.

Torbjørn blir engsjert når han fortel om Sjømannskyrkja og verksemda til kyrkja. Torbjørn Brøske saman med Berit Kårvatn på uterestauranten der vi vart servert kaffe og nystekte bakels. Foto: Jon Olav Ørsal

Til tider er det eit yrande liv på Sjømannskirken i Arguineguin på Gran Canaria. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjømannskirken held bakelspressa i gang – åpningstida er frå 11 – 16 på kvardagar og 11-16 på laurdagar.

 

Publisert: 13. januar 2019, 15:45