Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus 2017: Du verden for ein kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Du verden for ein kulturkveld vi fikk i Ungdomshuset torsdag kveld.  Det var nok mange som hadde store forventningar til Raus 2017-konserten, og det er alltid stas når du oppnår å få meir enn forventa på slike arrangement.  Og arrangementet var eigentleg heilt unikt, for det er lenge mellom kvar gong du kan ta del i ei mønstring, der eit 10-tal profesjonelle underhaldarar kappast om å underhalde deg frå scena. Litt artig var det også at Jo Sverre Sande, fra Rindal,  deltok på låtskrivarseminaret  som einaste lokale deltakar.

Les heile saka

Rekordeltaking på Kvenndalsturen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Torsdag var stavganggruppa på tur til Kvenndalen.  Med biltransport etter bomvegen inn til gapahuken var det ei flott utgangspunkt for spaserturar i fleire retningar, og den enkelt kunne legge stavgangeturen etter ønskeleg nivå. Rundt 60 deltakarar er vel nærast rekord og iallfall årsbeste skulle vi tru.

Les heile saka

Siloslåtten i full gang

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Torsdag var det premieredag for årets siloslått – aller først ute trur vi Utigarden på Kvennset var, men torsdag kveld fanga vi inn Odd Harald Talgø i full gang med slåmaskina i Husbytrøå. Odd Harald er «slåttakar» i Pestua, og da vi trefte han fortalte han at han hadde slege mellom 170 og 180 mål denne […]

Les heile saka

Onnadag med hesjing, husdyr og triveleg samvær

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2017

Det var god stemning da Rehab og Dagsentret arrangerte Onnadag på Bårdshaugen for 4. året på rad.  Den store terrassen var fylt med brukarar, pårørande og venner og kjente som hadde lagt turen innom for å sjå kva som foregikk.

Les heile saka

Har du hørt om Stor-Johannes?

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2017

Det har vi, og det var ei kjempestor furu på 9-10 m3 som stod oppi Talgø-lia. Søndag kan du bli med Todalen ILs trimgruppe for å sjå på restane av denne store furua. Da er det oppstart kl 13.00 ved reiskapshuset på Talgø Gård så blir det guida tur med Anita Talgø som kjentmann.

Les heile saka


Inspirasjon og påfyll av generalsekretæren

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

Tirsdag kveld var nesten 30 sanitetskvinner frå tre lokalforeninger i kommunen samla til Todalen Sanitetsforening si sommaravslutning. Vanleg praksis har ikke vore at nærliggande foreningar kjem og deltek, men denne gongen fekk Todalen Sanitetsforening besøk av generalsekretær i NKS , Grete Herlofson.

Les heile saka

Dugnad ved Hermannhytta.

Sverre Kjølstad Torsdag 8. juni 2017

Jan Nordvik og Vidar Sogge har tilsyn med Hermannhytta som er en hytte til Den Norske Turistforening (DNT), noe som medfører maling, vedhogging og rundvask blant annet.

Les heile saka

Kulturvandring i Stangvikbukta

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

Førstkomande laurdag, den 10. juni, vil Stangvik Historielag stå som arrangør for ei kulturell vandring i Stangvikbukta. Start og parkering blir ved Svissholmen ca kl 10.00. Det vil bli orientert om gamle hustufter, gamle namn og verksemd i «gamle dagar».

Les heile saka

Onnadag i dag!

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

I dag arrangerer Dagsenteret og Rehabsona onnadag ved Surnadal sjukeheim. Tradisjonen tru blir plena mellom sjukeheimen og pensjonærboligen forvandla til eit fesjå utan like.

Les heile saka

Månadens bilete: Kveld i Stangvik

Ole Petter Talgø Onsdag 7. juni 2017

For mai kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Kveld i Stangvik». Det var ei jevn avstemning med ein vinnar som var mindre enn 10 stemmer foran «Fint over skoddå», medan alle dei fire andre fekk mellom 15 og 30 stemmer. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Bordholmen: Lagseriestemne kvar tysdagskveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2017

Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.

Les heile saka