Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du hørt om Stor-Johannes?

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2017

Det har vi, og det var ei kjempestor furu på 9-10 m3 som stod oppi Talgø-lia. Søndag (11.6) kan du bli med Todalen ILs trimgruppe for å sjå på restane av denne store furua. Da er det oppstart kl 13.00 ved reiskapshuset på Talgø Gård så blir det guida tur med Anita Talgø som kjentmann.

Det blir muleg å køyre eit stykke innover før ein tek føttene fatt, og vi anbefaler å ta på godt fotty og ta med litt mat og drikke. På turen vil det også bli teke ein tur om den gamle skytebanen ved ytter brua, slik at ein kan sjå dei gigantiske jettegrytene som finns der.

Elles inviterer Anita til omvisning på det nyrestarerte stabburet, der det er etablert eit lite gardsmuseum etter at vi kjem att frå turen som tek rundt 3 timar.

Det tas vanleg forbehold om nokon lunde bra vêr for turen.

Publisert: 8. juni 2017, 16:38