Todalen idrettslag inviterte laurdag 18. august til familiedag oppe på Tjønnmyran, eit svært så positivt tiltak! Her vart det opplegg med allsidige aktivitetar som passa for alle aldersgrupper.
Les heile saka
Todalen idrettslag inviterte laurdag 18. august til familiedag oppe på Tjønnmyran, eit svært så positivt tiltak! Her vart det opplegg med allsidige aktivitetar som passa for alle aldersgrupper.
Les heile sakaObserverte du ei lita drone som surra rundt i Todalen på fredag , så var det Steinar Melby kra KSU.no som var ute og gjorde filmopptak. Melby driftar nettsida KSU.NO, der det overføres liveopptak frå Kranaskjæret i Vågen, der Talgø MøreTre er involvert i utbygginga av Kranaskjæret. Vi har nokre smakebitar frå Todalen, men gårdagens opptak kjem vi att med etter kvart.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 10. september og tysdag 11. september. Ho har mange ledige timar båe desse to dagane.
Les heile sakaDet er noko spesielt med denne karen, sa Eric Malling da han introduserte Jo Sverre Sande før konserten på Todalshytta. Malling fikk han seinare med på låtskrivarverkstaden på Todalshytta og Rauskonserten 2017. No gjer Jo Sverre det god både på nasjonal og lokal radio, og er liksom komen godt i gang. Fredag kveld hadde han altså konsert på Todalshytta og her fekk jammen publikum valuta for pengane.
Les heile sakaDenne helga er det aktiv festivalhelg for Norsk Vandrefestival, som i år har sin festivalbase på Tingvoll og som kan by på mykje godt og variert program gjennom heile helga. Det startar alt kl 13 med kurs i bevegelseskunst FRIKAR og fortsett kl 15 med åpning av Galleri naturnær på tingvoll prestegard kl 15.
Les heile sakaStavganggruppa er i gang igjen etter ein lang og velfortjent ferie. På den første turen som gikk til Rindal og området ved Igltjønna så møtte det heile 36 glade vandrarar som la ut på tur rundt Igltjønna.
Les heile sakaDet har vore mykje ståhei rundt arkeologane som har funne fornminne i Øygarden bustadfelt og som dei siste 3 vekene har vore her på feltarbeid og finne meir enn dei hadde rekna med. Dei to arkeologane, Ole Husby frå Surnadal og Vegar Hyttebakk frå Innset, er no ferdige i denne omgang, og ønska å invitere interesserte til å kome på ein infokveld med omvisning og orientering om kva dei har jobba med og litt om gravrøyser og gravplassar dei ha funne
Les heile sakaLaurdag 18. august kl 14 inviterer Ski- og friidrettsgruppa og trimgruppa til familiedag på Tjønnmyra. Det blir aktivitetar både for store og små, eller om du heller vil barnevog og rulator. Treng du skyss er det berre å ta kontakt med Jorunn på laurdag – telefon 957 44 716 så ordnar det seg! For dei litt større […]
Les heile sakaI dag kunne gjengen på Byggmakker invitere til nyoppussa butikk i Surnadal. I heile vår og sommar har det pågått riving av veggar og bygging av nye veggar, samtidig som forskjellige varegrupper har vorte flytta både hit og dit. No er arbeidet ferdig og det var tid for å reopne butikken med gode tilbud og store plakatar, og sjølvsagt var det servering av blautkake og kaffe.
Les heile sakaJo Sverre Sande opptrådte første gang på Todalshytta sommeren 2016, og returnerte for å delta på låtskriverseminaret RAUS i 2017. No er han klar for konsert på Todalshytta fredag 17. august og klokkeslettet er 19.00.
Les heile sakaOnsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.
Les heile sakaMedan arkeologane ligg på kne og graver etter fornminner i Øygarden bustadfelt, så er Tonje Kristin og Ivar Vikan komne i gang med tomtearbeidet på nabotomta. Dei har venta lenge på å kome i gang, og no er altså Per E. Gjeldnes Maskin i gang med gravearbeidet. I løpe av vinteren skal huset bygges og vi satsar på å kome inn i nytt hus til påske neste år, seier Tonje Kristin og Ivar som sjølvsagt er glad for å være i gang.
Les heile saka