Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4H på kurs i pilfletting

Elinor Bolme Torsdag 21. september 2017

Start 4H har denne veka vore invitert til Svinvika på kurs i arbeide med pil i forbindelse med prosjektet DELING. Her har dei vore instruert av Marit Larsdotter Moen og Jorun Kraft Mo i ulike metodar i pilfletting. Og etter resultata og dømme, så har både lærarane og elevane arbeidd godt.

Les heile saka

Eventyrlig oppussing med Talgø i kveld

Elinor Bolme Torsdag 21. september 2017

I kveld er det oppstart med 3. sesong av Eventyrlig oppussing, hvor Talgø nok en gang er representert med sitt produktutvalg.  Denne sesongen byr på mange flotte og inspirerende prosjekter med Halvor Bakke i spissen, og Talgø blir representert i flere programmer utover høsten.

Les heile saka

Medalje til deltakarar i Tysklandsbrigaden

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. september 2017

Tysdag var det ein enkel seremoni og utdeling av deltakarmedaljen frå Tysklandsbrigaden. Frå 1947 til 1953 var det rundt 50.000 norske soldatar som deltok i Tysklandsbrigaden.  Brigaden skulle den gongen sikre ei fredeleg gjenoppbygging av Tyskland og hindre at russerne skulle invadere Vest-Europa. 

Les heile saka

Vinteren kryp innpå oss!

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. september 2017

Enten vi vil eller ikkje så må vi nok erkjenne at vinteren kryp innpå oss igjen. I dag er det 20. september og den som registrerte at det var litt ruskvêr i nattens mulm og mørke vart nok likevel forundra over at det var nysnø på toppane i dag tidleg.

Les heile saka

Kantslåtten ferdig for i år?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. september 2017

Sverre Kjølstad har mange jarn i elden – eit av dei er kantslått og rydding av gras og kratt rundt informasjonsskilta som viser veg til Åsbåsnyta og til Sula. Måndag trefte i Sverre i full gang med kantklipparen på avkjørselen uti Rabbå, der skogsbilvegen i retning Snytå tek av.  

Les heile saka

Med våtdrakt på laksesafari nedover Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. september 2017

Lørdag trefte vi Gunnbjørn Bremset ved Gammelfabrikken. Bremset er lakseforskar i NINA, og slett ikke ukjent med laksen i Toåa. Han startet i Toåa for over 30 år siden, da han var student, og har fortsett etterpå med flere prosjekt som forskar ved NINA. Lørdag var han og venner her i privat ærend, men benyttet anledningen til å «ta en dukkert» i Toåa. I eposten vi fikk i dag skriv Gunnbjørn Bremset om turen nedover elva: 

Les heile saka

Målrik kamp på Bordholmen.

Elinor Bolme Måndag 18. september 2017

Det vart ein målrik kamp på Bordholmen i kveld når Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen fekk besøk frå G12 Batnfjord. KUST tok leiinga ved Martin Kvande-Talgø, men Batnfjord tok over kommandoen og gjekk til pause med god margin. I pausen hadde KUST fått summa seg litt, og fekk bedre dreis over spelet og hadde fleire fine nettkjenningar.

Les heile saka

Brannvernveke – barnehagen først ute….

Jon Olav Ørsal Måndag 18. september 2017

Denne veka er det brannvernveke, med mange forskjellige aktivitetar utover veka. Men først ute var Todalen barnehage som alt måndag føremiddag troppa opp ved brannstasjonen på Kvennset for å få omvisning og orientering. Her var det uttrykningsleiar Håvard Halset som var på plass for å vise fram brannbilen og utstyret på brannstasjonen.

Les heile saka

Familie dag med «trollsuppe» og mykje anna

Jon Olav Ørsal Måndag 18. september 2017

Laurdag trefte vi Gøran Bolme frå iTrollheimen utafor gammelfabrikken i Brusetmarka. Han var i gang med å koke kaffe på svartkjel rett utafor Gammelfabrikken. Han fortalta at han venta eit trettital store og små rindalingar som skulle kome til Todalen på familiedag med mange opplevingar utover dagen.

Les heile saka

G12 kamp i kveld

Elinor Bolme Måndag 18. september 2017

I kveld er det fotballkamp i klassen G12. Da møtes  Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen og Batnfjorden til oppgjør klokka 18. 

Åpen kiosk.


Månadens bilete: I fyr og flamme

Ole Petter Talgø Måndag 18. september 2017

For august kan vi gratulere Thor Martin Holmestad som vinnar av månadens bilete, «I fyr og flamme». Vi gratulerer, og vil overbringe premien når vi har anledning. Det var ei jamn avstemning med mange gode kandidatar, men Thor Martins bilete stakk av med neste ein tredjedel av dei 220 stemmene.

Les heile saka

Historisk bygg oppført på Nordvik

Sverre Kjølstad Sundag 17. september 2017

«Holenstua» ble laftet på Dovre i 1762, og flyttet til gården Holen Nordre i Folldal i 1859, og siden til Stormoegga skiarena i 1986. Huset har en grunnflate på ca. 50 kvm. + svalgang, og er i 2 etasjer hvor første etasje har ett stort rom, og andre etasje er delt i to like store rom. Folldal Idrettsforening ønsket å selge huset, og salgssummen ville i sin helhet bli brukt til et nytt servicebygg i idrettsforeningen`s skianlegg. Bygget ble lagt ut for salg, og kjøperen var en person fra Holmestrand.

Les heile saka