Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet har ope heile pinsa, også 2. pinsedag!

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mai 2018

Svinviks arboret minner om at arboretet som vanleg har ope heile pinsa, også måndag 2.pinsedag. Alle dagane ope frå kl. 11 – 16. Rododendronblomstringa er kome igang. Velkomne!


Dy, ta va godt!

Elinor Bolme Fredag 18. mai 2018

I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden. 

Les heile saka

Feira med folketog og tale for dagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2018

Dagens hovudprogram kom heilt til slutt i år. Det starta med gudsteneste i Todalen kyrkje og fortsett med nedlegging av krans på bautaen ved kyrkja. Deretter var det folketog frå kyrkja forbi Hallagrenda og etter Pilskarvegen over Øyabrua og til Ungdomshuset, der resten av programmet foregikk.

Les heile saka

Samla heile bygda rundt frokostbordet

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2018

Fotballgruppa i TIL er vant til store frokostselskap, så 140 personar rundt frokostbordet skremmer ikkje. Etter at biltoget var unnagjort så var frokosten klar på asfaltplassen på Bordholmen.

Les heile saka

Starta nasjonaldagen med tradisjonelt biltog

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2018

Presis kl 10 sette biltoget seg i bevegelse, etter at heile 58 kjørety hadde vore oppstilt i gata mellom Talgø-fabrikken og Halsbua klare til å ta den tradisjonelle runden oppover bygda til Gammelfabrikken og nedover igjen til Bordholmen. Dette har vore ein del av feiringa av nasjonaldagen – heilt sia 60-talet.

Les heile saka

Torsdag: -17. maifeiringa er i rute

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2018

Som tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes.

Les heile saka

Pass deg for hjort på vegkanten

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mai 2018

Ein skulle kanskje tru at hjorten no finn nok mat i skogen, slik at den held seg unna innmarka.  Men det er nok feil – det er stadig mykje hjort kring vegkantane, så det er best å køyre med forsiktighet. I kveld tok vi ein rask runde rundt bygda for å sjå om det var […]

Les heile saka

17. mai program Stangvik skulekrets

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2018

Også frå Stangvik skulekrets har vi fått tilsendt årets 17. mai program. dei startar dagen med gudstjeneste, før dei samlast ved Stangvik oppvekstsenter for sitt hovedarrangement.

Les heile saka

Siste rest av vinteren spyla bort

Elinor Bolme Tysdag 15. mai 2018

Tradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.

Les heile saka

Inviterte heile bygda på 10-kaffe

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. mai 2018

Dei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.

Les heile saka


Kløvertur i strålande ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mai 2018

Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».

Les heile saka