Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte heile bygda på 10-kaffe

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. mai 2018

Dei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.

Elevane inviterte like god «heile bygda», og det var mange som kom på 10-kaffe. Foto: Jon Olav Ørsal

Og jammen kom det mange, så det var nok både besteforeldre, foreldre, tanter, onklar og mange fleire som kom for å sjå, høyre og få servert 10-kaffe av både store og små elevar.  Elevane har nok styra og ståka og førebudd seg godt på det store selskapet – dei største elevane har til og med vore på skulekjøkkenet og laga kaffebrød – deilig sjokoladekake.

Elevkoret ved Todalen skule – dei var klarstemte når dei framførte «Alle fugler» og Lille måltrost». Foto: Jon Olav Ørsal

Elevane kunne også by på underhaldning – elevkoret song både «Alle fugler» og «Lille måltrost» og i tillegg var det allsong der alle kunne være med og synge.  Eigne dikt vart og framført – elevane hadde skrive dikt til vårsøghelga, og vi fekk på ein måte delta på ein slags førpremiere på årets vårsøgdikt frå Todalen skule. Så var det Quiz med 20 aktuelle spørsmål, og der kvart bord hadde sitt eige lag. – Heilt til slutt var det omvisning på klasseromma, og leikar på skuleplassen vart det og litt tid til.

Bildeglimt frå 10-kaffen i Todalen skule – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. mai 2018, 12:56