Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pass deg for hjort på vegkanten

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mai 2018

Ein skulle kanskje tru at hjorten no finn nok mat i skogen, slik at den held seg unna innmarka.  Men det er nok feil – det er stadig mykje hjort kring vegkantane, så det er best å køyre med forsiktighet.

I kveld tok vi ein rask runde rundt bygda for å sjå om det var noko hjort å sjå.  Det er no i ferd med å bli saftig og godt gras på ekrene, så dette frista nok nokre dyr.  Flest dyr var det nok på Nylevollen (innmed Bjøråa) der dei gikk og gassa seg med gras, heilt til vi stoppa og sveiva ned ruta for å fotografere. Da vart det strak litt nervøs stemning, og fleire såg etter kortaste veg til skogs for å finne skjul.

 

Publisert: 16. mai 2018, 22:10