Det er no full flor i hagen på Svinviks arboret. Varmen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa har skote fart, men med litt kaldare vêr dei neste dagane no nå vil vi nok kunne nyte rododendronblomstringa ei god stund enno, seier Katarina Wedelsbäck Bladh ved Svinviks arboret.
Les heile saka
Dei siste vekene har det på fleire av skulane i rundt om vore fokus på trygg og sikker ferdsel på sykkel i regi av NAF. NAF sitt mannskap har vore ute på skulane med eit opplæringsopplegg, der ungane skal lære seg å ferdast ute i trafikken med eit opplegg dei har kalla «Sikker på sykkel» Dette er eit ledd i å nå krava i opplæringslova, som kanskje ikkje alle skulane har nok fokus på.
Les heile saka
Du har kanskje lagt merke til at vegnummeret er teipa over på alle skilta med vegnummer 671. Kva er det eigentleg som skjer med Todalsvegen? Vi vart litt nysgjerrig, og sjekket litt på Vegvesenets infoside – www.vegvesen.no og søkte på fylkesveger vegnummer. Da kom forklaringa!
Les heile saka
I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening informerer om at det førstkommende lørdag 25.05. blir åpen dag på krigsminnesamlinga ved Åsen på Eidet i Surnadal.
Krigsminnesamlinga er åpen i tidsrommet kl. 12.00 til 16.00 – Alle er velkomne!
Laurdag 1. juni inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Husby. Det blir start frå kyrkja kl. 12.00, der er det god plass til parkering. Vandringa vil omfatte Smålandsgrenda, Husbygarden, Fredrikstad, Lauvåskogen og Bekkerhagan. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie.
Les heile saka
Torsdag kveld er første kveld med lagseriestemne denne våren. Det skjer på Bordholmen kl. 18.00 og slik blir det og i forsettinga melder Ski- og Friidretssgruppa i T.I.L.
Vårsøghelga startar alt fredag med Henningtimen i Svorkasalen – vidare gjennom helga vil programpostane kome slag i slag med Kleivakvelden som det største høgdepunktet. I år feirar Kleivkvelden 25-årsjubileum, og det vil bli skikkeleg markert. Det er egentlig rart å tenke på at det i år er 74 år sia fredsvåren 1945, da hans Hyldbakk skreiv teksta til songen «Vårsøg».
Les heile saka
Det er stor våraktivitet i Surnadal Hagelag, og no er tida komen for den tradisjonelle planteloppemarknaden på Åsen bygdemuseum. Det skjer laurdag 25. mai frå kl. 13 og utover, og hagelaget lokkar med sal av kaffe og kaker – og håper sjølvsagt på god oppmøte og fin vêr. Seinare på våren – nærare bestemt søndag 16. juni inviterer Surnadal hagelag til Skatval
Les heile saka
Torsdag 23. mai går stavgangturen til Stangvika igjen. Første stopp blir ved Bondehuset. Derfra kjører vi samlet til parkeringsplassen. Dette fordi det er mange sideveier så det er lett å ta feil. Etter endt stavgang blir det trivelig å benke seg med matpakka på Svissholmen! Vel møtt alle sammen!
«Godt folk har godt ver!» heiter det, og i dag slo dette til! På årets første Kløverrusletur var det sol frå skyfri himmel og nesten vindstille – ein retteleg fin dag på Kvennsetøran!
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag melder at dei skal ha medlemsmøte på Surnadal sjukeheim tysdag 21. mai kl. 15.00. Vi skal snakke om «Leve heile livet», og det blir quiz, song og musikk, servering og loddsal.
Les heile saka