Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trekte huset fullt med toppturinteresserte…

Jon Olav Ørsal Måndag 20. januar 2020

Kristin Folsland Olsen trekte fullt hus med sin sitt foredrag hos Kårvatn Fjellutstyr måndag kveld.  Det kom folk både frå fjern og nær for å høre og sjå bilder frå Kristins mange turer. Kristin hadde forresten premiere for sitt nye foredrag på Kårvatn, og har kalla foredraget for «From nature with love». Det omhandla turer og ekspedisjoner både i Norge, på Svalbard, på Baffin Island og til Antarktis – eller rettare sagt Sør-Georgia. 

Kristin signerer av boka som Oda Halle hadde kjøpt. Foto: Jon Olav Ørsal

Kristin kjem frå Drammen, men har bodd i Lofoten helt sia ho var 19.  Ho har forelska seg i naturen der, og driv både med fotografering og skriving fra sine turar og opplevingar både i Lofoten og andre plassar. Som sagt var det bilder mange turar og ikkje berre toppturar. Kan her nemne nokre av turane som for eksempel  Svalbard på langs, langs Baffin Island, på Sør-Georgia, i Troms og sjølvsagt mange turar i Lofoten. 

Noko av det spesielle med Kristin er at ho tek seg tid til å oppleve ting på turen – ho har det aldri meir travelt enn at ho har tid til å oppleve ting på vegen.  Kveldens foredrag var nok ein stor inspirasjon for mange tilhøyrarar som har ein liten eventyrar eller ekspedisjonspire i seg, eller om dei berre er toppturentusiastar!

Kristin Folsland Olsen hadde mange fine bilder frå toppturer og andre turer og ekspedisjoner. Foto: Jon Olav Ørsal

Kårvatn fjellutstyr kombinerte handlekveld og foredag måndag kveld. Her er det Fredrik Thoresen Sletten som sørger for montering av bindinger på randonee-ski. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. januar 2020, 22:01