Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eigedomen Sissihaug kjem snart for sal

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2020

Det er slett ikkje kvar dag at det er bustadhus til sals i Todalen. No er imidlertid tida inne, og snart kjem Sissihaug (Gardsnr. 137 bruksnr 36) på sal. Huset er bygd i 1971, og ligg i Kvennsetøran bustadfelt på ei 1200 m2 stor tomt med adresse Myrjarvegen 1.

Bustaden som skal seljast er ein typisk 70-talsbustad med sokkelinngang og gang, matkjellar, kjellarstue og vaskerom i kjellaren, og med 3 soverom, kjøken, bad og stue i 2. etasje. Det er lagt fiber breiband fram til veggen på huset.

Sissihaug sett frå nord-vest . Det er opparbeidd hage med drivhus og bærbusker. Foto: Jon Olav Ørsal

Til huset høyrer ein garasje med plass til 3 bilar, og elles finns det eit stort hobbydrivhus i ein opparbeidd hage. Det er og ein stor og to små terrassar – den eine med utgang frå stua i 2. etasje. Det er no jobba for å lage ein takst på eigedomen som vil bli klar til salsprospektet blir presentert.

I helga skal det ryddast og ordnast opp med tanke på sal og dersom det er nokon som er interessert så er det høve til å kome innom ein tur søndag mellom kl 12 og 14 for å sjå seg rundt. Ta kontakt med Jenny på telefon 416 24 991 eller Ingrid på telefon 930 83 991 for avtale.

Sett frå baksida av huset. Det er ein liten terrasse med utgang frå stua og ein større terrasse på gateplanet. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. januar 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 16. januar 2020, 20:45