Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lars Olav følgjer i jervens fotspor

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2020

Lars Olav Lund er Naturoppsynets jervekspert og følgjer bokstaveleg talt i jervens fotspor. Det gjer han også etter at ein lisensjeger i Todalen felt ein ung hanjerv – nr 2 av 3 jervar som kan fellast i området som ligg utafor yngleområdet.  Da må Lars Olav kontrollere at alt har gått rett føre seg og registrer ein masse data både på den felt jerven og på lisensjegeren. Jervejakt går nemleg ikkje på måfå, og før jakta startar må lisensjegeren sjekke «jervtelefonen» om det er ledige dyr att, og etter at jerven er felt må den meldes inn i systemet.

Da startar jobben til Lars Olav Lund, som er naturoppsyn om er stasjonert i Rindal. Han får beskjed om at det er felt jerv og avtaler å treffe jegeren for å kontrollere byttet. Jerven som var skoten i Todalen sist torsdag var ein ung hanjerv på 11,3 kg – muligens kan det være ein årsunge som snart er eit år gamal.  Jerven blir hengt i vekta som altså viser 11,3 kg og medan han heng der blir jerven kjønnsbestemt.  Vi vart greit instruert i ein sikker måte for å finne ut det og det var ingen tvil om at det var ein hann. 

Her settes den inn ein chip som sikrar at den felte jerven får ein unik identitet. Når DNa-profilen er klar blir den samanlikna med tidlegare funn for å kontrollere om det er registrert funn på dette individet tidlegare. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare vart det teke ut ein bit av tunga for å registrere DNA-profilen, slik at det i etterkant kan sjekkes om SNO har registrer DNA frå denne jerven tidlegare.  DNA kan ein for eksempel finne i avføring frå jerven da avføringen inneheld tarmceller som gjer det muleg å finne dyrets DNA-profil. I same slegen blir det også skote inn ein chip i jervskrotten. Denne chipen her eit unikt nummer som gjer at den ikkje skal bli forveksla med andre skrottar under flåing hos preparant eller under obduksjon hos direktoratet. 

Heilt til slutt er det kontroll av jegeren «sjølv».  – Jegeren må legitimere seg og legge fram våpenkort, våpen og jaktlisens som blir kontrollert.  Lars Olav tek med seg den døde jerven og sørgjer for at den bli flådd og at skrotten hamnar i direktoratet. Skinnet er jegerens eigedom, og jegeren sjølv bestemmer kva det skal brukast til.

Ber om hjelp til å samle jervebersj!
Lars Olav har ei bønn til alle som ferdes i skog og mark om å hjelpe til med innsamling av avføring frå jerv. Det hjelpe SNO med å kartlegge kvar jerven har tilhald og kor stort område han bevegar seg rundt i.  Her kan du lese korleis dette skal gjerast – ta med deg plastikkpose i lomma når du dreg ut på tur – og følg instruksen her!

Jerven streifar vidt! Her er eksempel på registreringar på forskejllige plassar i Trollheimen og Sunndalsfjella. Kopi fra SNO

Publisert: 17. januar 2020, 21:11