Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.
Les heile saka
Eit 30-tals personar var samla utafor Hamnesvikan sist laurdag for å delta på siste post i årsprogrammet for Stangvik Historielag, eit samarbeid mellom Hisorielaget og Turstigruppa på Årnes. Før vi starta orienterte Svein Aarnes om turen opp skogsvegen, som var nyrydda heilt opp til den gamle seterstølen. På Hamnes hadde dei tidlegare to setrer, Nersetra og Øversetra. På Nersetra setra dei til 1940, men på Øversetra tok setringa slutt tidlegare.
Les heile saka
Torsdag 5. september er det Ranessetra som står for tur. Været er ikke meldt å bli det vi ønsker oss. – Vi gjør det slik: Vi samles ved bommen, og drar derfra til vanlig tid. Men om det blir til Ranessetra, nei det er ikke godt å si. Det bestemmer vi i fellesskap. Vel møtt! Arrangører er Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa.
Valet nærmar seg fort, og det er berre ei veke att før vi skal gå til vallokala og si vår meining i form av stemmegjeving. I dag var Surnadal Arbeidarparti på Todalsvisitt, med stand utafor Matkroken L. Hals.
Les heile saka
Surnadal Arbeidarparti melder at ordførarkandidat Annett Ranes og fleire dyktige kandidatar står på stand ved Matkroken i Todalen i dag, og er der i butikkens opningstid på ettermiddagen (frå kl. 16 – 18.)
Velkomen!
Surnadal Ap er medlem i Todalen.no
Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
På dei to siste dagane er det no rydda klart til masseuttak i Toåa, grunnarbeid kor gapahuk skal setjast opp i Båthølen og samanslåing av ekrene rundt Båthølen. Dugnadsinnsatsen til todalingane desse dagane har resultert i godt over 40 timar frivillig innsats på to økter.
Les heile saka
Måndag 2.sept kl.19 blir det eit litt uvanleg samarbeid mellom Misjonnselskapet og Stangvik grendalag i Bondehuset. Noko av bakgrunnen er at fleire av kykjelydane i Surnadal har eit prosjekt i forhold til Etiopia. Dette gjeld også Todalen kyrkjelyd, fortel Arne Drøpping representant for NMS i ein epost.
Les heile saka
Det er ei stor veke att til årets kommune- og fylkestingvalg, og dei fleste partia brukar den nest siste helga til å treffe veljarane der dei er. Senterpartiet hadde stand ute ved Matkroken i ettermiddag, og folk stoppa opp og tok ein prat med ordførarkandidat Margrete Svinvik og to av todalsrepresentantane.
Les heile saka
Etter kvart som det har vorte litt mørkare kveldar har det auka på med hjort på innmark. Det er mest koller og kalvar som «tek sjansen» på saftige beiter på innmarka. Men eit lite varsko til billistar som ferdes etter vegane på kveldstid – kjør forsiktig, for hjorten kjem fort og da har du den lett oppå panseret!
Les heile saka
Torsdag var det planlagt stavgangtur til Sjøasætervatnet, men regn og gråvêr gjorde reserveløysinga med tur til Kleiva i staden vart aktuell. Derfor vart det start frå kulturhuset og oppover bakkane til Kleiva.
Les heile saka
Under dagens møte i Hovudutvalet for Oppvekst vart det vedteke at oversendingsforslaget om å slå saman barnehagane i Todalen og Stangvik ikkje treng ny behandling i kommunestyret. Les meir om gladnyheita på Trollheimsporten: Såg ingenen nye grunnar for samlokalisering av Todalen og Stangvik Foto:Trollheimsporten.
Les heile saka