Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På utror og messedeltaking i Bergen

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2018

Denne helga er det tradisjonell messe for salg av sportsutstyr i Grieghallen i Bergen. Det er Kårvatn Handelskompani som har delteke på salsmessa til Platoubutikkane som dei er leverandør eller rettare sagt grossist. Til saman har det vore rundt 12.000 besøkande innom Grieghallen på fredag og laurdag, og Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset som har representert firmaet der kan rapportere om bra besøk på standen og godt sal av ski.

Les heile saka


Snart klart for litt dugnadsarbeid til turstien

Elinor Bolme Fredag 5. oktober 2018

Onsdag kveld var prosjektgruppa i Toåa Tursti på ny befaring. Denne gongen saman med fleire berørte grunneigarar, entreprenør Per Gjeldnes og prosjektgruppa. Prosjektet er no inne i fasen med å få ein godkjent tippemiddelsøknad, kor Todalen IL er søkar. Då må alle tenkte kostnadar være dokumentert og godt planlagt, og denne kvelden var det deler av arbeidet med tilrettelegging av den planlagte turvegen frå Bønnavollen og ned til Båthølen, samt plassering av gapahuken som var på agendaen.

Les heile saka

«Dagens trippel»

Steinar Hasselø Torsdag 4. oktober 2018

Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.

Les heile saka

Stavgang til Kleiva og Cafe Dan

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. oktober 2018

Den opprinnelige planen for dagens stavgangtur var Folldalen og Gråhaugen, men værmeldingen ga tidlig varsel om mer vinterlig klima i fjellet. Derfor ble det nye planer og opplegg for en tur i nærområdet på Skei og oppmøte ved Kulturhuset.

Les heile saka

Dugnad på biblioteket på Skei.

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. oktober 2018

Biblioteket skal moderniserast, og treng hjelp til å lime inn nye kort med strekkoder i alle bøkene. Fint arbeid for oss pensjonistar no i haustvêret.   Enkelt, innahyses arbeid, og vi får kaffe, skriv Kristian Ranes i pensjonistlaget, som vil ha påmelding på telefon 995 30 263 snarast!


Slik går nå dagganj

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. oktober 2018

I kveld var det premiere for storprosjektet til Surnadal ungdomsskule «Slik går nå daggan». Ei kjempeflott forestilling som berre imponerer stort. Det blir ei forestilling til som går av stabelen onsdag 3. oktober kl 19, og her er det i skrivende stund rundt 40 ledige billettar.

Les heile saka

Strikkekaffe FREDAG 5. oktober!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 2. oktober 2018

Denne veka blir det strikkekaffe på fredag, altså 5. oktober! Alle er velkomne til strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl.13.00 til 16.00.

Les heile saka

Ulset: – Eg kunne ikkje la denne sjansen gå!

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. oktober 2018

I dag startar Nils Erik Ulset i ny jobb på Kårvatn – eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier han til Todalen.no. Han går no inn i administrasjonen i Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani, men blir nok mest å sjå i skisporet i første omgang. Satsinga på ny sesong starta alt i mai, og no gler eg meg på at det blir skiføre, seier Nils Erik.

Les heile saka


Stigande formkurve i Todalen Bodybyggjarlag

Elinor Bolme Måndag 1. oktober 2018

Todalen bodybyggjarlag har så smått byrja å røre på seg etter ein aktiv sykkelsommar. Dei har no trekt innomhus, og Hett & Svett var i kveld godt oppfylt av ivrige karar som slo eit slag for trening og trivsel. For det skal seiast, dei er veldig trivselsfokuserte. Treninga blir nesten som ein bonus å regne.

Les heile saka