Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ulset: – Eg kunne ikkje la denne sjansen gå!

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. oktober 2018

I dag startar Nils Erik Ulset i ny jobb på Kårvatn – eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier han til Todalen.no. Han går no inn i administrasjonen i Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani, men blir nok mest å sjå i skisporet i første omgang. Satsinga på ny sesong starta alt i mai, og no gler eg meg på at det blir skiføre, seier Nils Erik.

Det blir nok ein gradvis start i jobben her, seier Gudmund Kårvatn som er dagleg leiar for begge firma og som no er glad for at Nils Erik Ulset er med på laget. Satsinga på VM-sesongen gjer at det i første omgang blir på deltid og så får vi sjå etter kvart.  Det blir i første omgang administrative oppgåver som økonomi, personal- og organisasjonsutvikling, og det passar nok bra etter som Nils Erik har ein bachelor i organisasjon og ledelse. 
– Det har skjedd fleire endringar det siste året, og vi føler oss etter kvart meir komplett som bedrift no. Nils Erik vil nok representere oss på ein god måte, og vi føler at vi er godt rusta på framtida.  I sportsbransjen skjer ting fort og det krev at vi har evne til å tilpasse oss. I tillegg til oss 4 er det 2 agentar på provisjonsbasis og så har vi god hjelp av familien seier Gudmund Kårvatn.

Velkomen hit til åt oss, seier Gudmund Kårvatn til Nils Erik Ulseth som hadde sin første arbeidsdag på Kårvatn i dag. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Nils Erik har dei siste 4-5 åra «leid seg ut» til skogrydding for NEAS. No er han glad for at han får ein jobb som er betre tilpassa utdanninga, og gler seg til å kome skikkeleg i gang i nyjobben. Når eg fekk denne moglegheita var det greitt å bestemme seg, og no gler eg meg på å bli ein del av firmaet her.  Har vore mykje i Todalen i sommar og haust – vi har nemleg kjøpt fritidsbustad her. Har oppdaga at det er veldig fine treningsforhold her, og mykje meir snøfast enn på Tingvoll og topp forhold for randonée. Eg har også vorte begeistra for lysløypa på Tjønnmyra, så det vil nok bli ein del aktivitetar der etter kvart. At du har fine treningsforhold i nærmiljøet gjer at det blir mindre bilkøyring, for det blir det nok av lell.

Som sagt er Nils Erik på landslaget i skiskyting, og satsar for fullt på komande sesong som altså er VM-sesong. – Heilt sidan mai har det vore fullt kjør med trening, og no standar han altså etter snø og skiføre. Etter denne sesongen må eg nok i tenkeboksen for å bestemme meg korleis satsinga skal bli i framtida. Men no gler han seg altså på å kome skikkeleg i gang i nyjobben. Vi er få og jobbar tett, så det blir nok mykje å sette seg inn i, men det går nok bra.

 

Publisert: 2. oktober 2018, 16:18