Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 2. mars. Oppmøte ved Matkroken Todalen og turstart derifrå kl. 11:00.
Tur etter skogsvegen i Øyalia
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 2. mars. Oppmøte ved Matkroken Todalen og turstart derifrå kl. 11:00.
Tur etter skogsvegen i Øyalia
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til fellessapskveld på kyrkjelydshuset (1. etg.) torsdag 5. mars kl. 19:00 – 20:30. Denne kvelden byr på eit innlegg frå Gunnhild og Johannes Skjerdal med tema «Vandring i Bibelens land ». – Etterpå blir det tid til prat med kvarandre rundt borda.
Det bys på enkel servering, og du blir oppfordra til å ta med deg ein ven.
Tysdag 31. mars skjer årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Også i kyrkjesokna på Nordmøre går konfirmantar og andre frivillige og frå dør til dør med dei kjente bøssene. 40.000 bøsseberarar frå 1200 norske menigheter deltek landet over. Innsamlinga har dei siste åra skaffa rundt 35 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp. Nest etter den årlege TV-aksjonen er dette landets største innsamlingsaksjon.
Les heile sakaI reiskapshuset på Bruset har det den siste tida pågått laftekurs. Oppgåva er å lafte eit hus som skal settast opp på Brusetsetra og brukast til do og uthus der, og dermed har gjengen litt tidspress på seg for å få det ferdig medan det er føre for tranport dit med snøskuter. Det er Gunnar Nordvik som er mentor for gjengen på seks som skal lære seg å lafte etter gamle handverktradisjonar.
Les heile sakaSjølv om det nok var litt kald vind og snøfokk i høgda var det mange som nytta den flotte dagen til å ta seg ein skitur. Det var mange bilar både på Kårvatn og på parkeringsplassen ved Innerdalsmerket. Med tanke på vind og snøfokk, så er det nok dørstokkmila som er verst, for i dag finnes det stort utval i gode klær for den som vil ut. Sjølv med vind og snøfokk i lufta var nok Dalalia og Tydalsnebba målet for mange som ville prøve pudderføret etter det siste snøfallet.
Les heile sakaDet er køyrt opp skuterspor til fjells både i Øyalia opp tmot Skihytta og frå Innerdalsmerket opp til Tristeinan. Det er godt føre, men det er meldt litt sør austleg vind dei neste par dagane. Ein må pårekne litt snøfokk i høgda, seier Gunnar Nordvik i TILs ski- og friidrettsgruppe.
Les heile sakaTakstmann Øyås AS og Landbrukstakstmann Sivert Mauset har i dag inngått et formelt samarbeid. Fra før har Takstmann Øyås 4 takstmenn som operere i hele Midt-Norge. Takstmann Øyås AS er sertifisert for taksering av næringseiendommer, boliger, skadetakser og naturskader. Med et samarbeid med Sivert Mauset blir vi sammen en komplett leverandør av taksttjenester.
Les heile sakaMange gode og trivelege, men også vemodige minne vart viste under filmkvelden til historielaget torsdag kveld. Svein Åge Saksen hadde sett saman varierte og interessante filmklipp som fenga publikum, dette er viktig historisk dokumentasjon.
Les heile sakaKunstnarane Brit Dyrnes og Beate Gjersvold rigga i dag ferdig utstillinga «Relasjoner #2» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Ikkje riktig alt var på plass da vi tok turen innom, men med ein sniktitt i kulissene kunne vi konstatere at dette blir ei utstilling det er verd å ta turen for å sjå når dei åpner dørene på laurdag.
Les heile sakaMelding frå Surnadal Heimbygdlag: Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og nær kontakt med Nordmøre Museum og med kommunen. Og i etterkant har styret deltatt på heile 10 arrangement rundt om på Nordmøre […]
Les heile sakaTodalen historielag inviterer til filmkveld i Ungdomshuset torsdag 27. februar kl. 19.30. Svein Åge Saksen viser fleire interessante filmklipp frå arkivet, her blir det gjensyn med mange kjenningar!
Les heile sakaSporkjøyrar på Tjønnmyra Ola Dalsegg melder om vindunderlege forhold i lysløypa. Han kjøyrde opp nye spor i går kveld og kan fortelje at de vil bli vedlikehelt også framover så lenge vêret held seg. Også løypemannskapet på Vang kan fortelje om fine skiforhold i deira løypenett.
Les heile saka