Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje folk på interessant og triveleg filmkveld

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. februar 2020

Mange gode og trivelege, men også vemodige minne vart viste under filmkvelden til historielaget torsdag kveld. Svein Åge Saksen hadde sett saman varierte og interessante filmklipp som fenga publikum, dette er viktig historisk dokumentasjon. 

Svein Åge Saksen har gjort ein kjempejobb med å feste lokal historie på filmrullar. Foto: Dordi J H

Første filmen handla om Ola T. Polden frå Nordvik. Han demonstrerte støyping av massing, eit 2000 år gammalt handverk. Vi fekk sjå Ola i arbeid, han viste prossessen og synte fram ulike reiskap. Ola døydde for 2 år sidan, 93 år gammal. Men han har heldigvis lært bort gjørtlarkunsten til barn og barnebarn; og det vart fortalt at dei vil føre tradisjonen vidare og bygge ny verkstad slik at det framleis blir klokkestøyping på Nordvik. 

Slektningar av Ola T. Polden. Ola var onkel Anders Todalshaug (til venstre) og søskenbarn til Kristian Ellevset, ein interessant kveld syntest dei. Foto: Dordi J H

Neste tema var Todalshytta og drift der først på 2000-talet. Her vart historia til Todalshytta fortalt, det vart vist bilete frå hytta, både innvendig og utvendig med interessante opplysningar. Det vart gjensyn med drivarane, først med «Phillips tre fruer» –  Ragnhild, Line og Åse. Her fekk vi mellom anna sjå korles dei laga kjøttpose – tradisjonsmat for å drøye kjøttet.

Rundt kaffebordet. Frå venstre Eli Bruset, Ingeborg Talgø, Synnøve Hole Talgø, Åse Grydeland Øyen og Helen Saksen. Åse var vertinne på Todalshytta i mange år. Foto: Dordi J H

I neste omgang presenterte Åse, Anne og Agnete opplegget sitt for drifta av Todalshytta, mellom anna vart det gjensyn med populære balldagar. Vidare var det opptak frå laurdagskveld på hytta og gjenhør med Jobuskarane Jon, Gudmund og Hans – artig! «Innerdalsvisa» til Jon Lunde vart framført av Øystein, Borghild, Rune, Erik og Jan Inge – stemningsfullt. 

Etter kaffepause med gode kaker og triveleg prat, viste Svein Åge utdrag frå minnekonserten for spelemannen Hallvard Ørsal 7. juni 2003. Her vart det gjensyn og gjenhør med Oppdal spellmannslag, Torgeir Leivdal og Alf Ramsøy. Alf mintest fleire møte med Hallvard spellmann, mellom anna hadde han som «bøttknapp» dansa til tonane frå fela hans Hallvard. «Hallvard var ein trollmann med fela!» fortalde Alf. Alf deklamerte fleire dikt mellom anna minnediktet om Hallvard som Leif Halse skreiv til avdukinga av minnesteinen for Hallvard Ørsal i 1949. Torgeir Leivdal spela fleire slåttar etter Hallvard, mellom anna «Storpolsdansen».

Godt med kaffepause. Torbjørn Polden fremst. Foto: Dordi J H

Godt og vel 50 personar var samla framfor lerretet i Ungomshuset. Dei gav uttrykk for at dei syntest dette vart ein riktig fin kveld, og Svein Åge Saksen fekk stor takk for interessant og flott filmframsyning! Han har eit verdifullt arkiv med mange godbitar på lager!

For Todalen historielag er det kjekt å oppleve at det er så stor interesse for  arrangementa dei har. Leiar John Moe takka for oppmøtet og ønskte vel møtt til nye arrangement utover våren. Først er det årsmøte den 24.mars, vidare kulturvandring på Hala laurdag 23. mai og busstur Rindalen rundt laurdag 13. juni.

Leiaren John Moe takka Svein Åge for flott filmframsyning og ønskte publikum velkomne til nye arrangement. Foto: Dordi J H

Først publisert: 28. februar 2020, 00:28 - Sist oppdatert: 29. februar 2020, 08:35