Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gammelt handverk – men nye handverkarar lærer lafting

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. februar 2020

I reiskapshuset på Bruset har det den siste tida pågått laftekurs.  Oppgåva er å lafte eit hus som skal settast opp på Brusetsetra og brukast til do og  uthus der, og dermed har gjengen litt tidspress på seg for å få det ferdig medan det er føre for tranport dit med snøskuter.  Det er Gunnar Nordvik som er mentor for gjengen på seks som skal lære seg å lafte etter gamle handverktradisjonar.

Godt å ha med ein rutinert laftar – Gunnar Nordvik har mykje erfaring med lafting av tømmerhus. Foto: Jon Olav Ørsal

Utgangpuktet er laftetømmer som er skåret på ei lokal sag, og resten det er handverk og hantering av øks, sag, tappjarn og andre vekty som er bruka til lafting. Eit hendig reiskap som blir bruka i laftearbeidet eit eit såkalla «me» – Gunnar viser fram dette vektyet og fortel at det er Ola Polden som har laga dette i smia i Åsbøhagan på Nordvik, og det blir bruka til å merke på korles laftestokken kan tillpassast til dei andre stokkane – egentleg eit enkelt og genialt verkty. 

Det gikk jamnt og trutt framover, men det tek utruleg lang tid når kvar stokk skal tilpassast stokken som legg under, og så skal novane fellast saman slik at det blir tette og trekkfrie. Ei nitidig tilpassing må til for å få til dette.  Etter kvart som ein får erfaring så går nok dette lettare, og når dette skjer industrielt så har ein kanskje både betre reiskap og meir erfaring. Medan vi var der kom iallfall eit omfar på plass, og vi tykte at det fall utruleg godt saman. Men det blir artig å sjå korleis det går i fortsettinga, og ikkje minst etter at huset kjem på plass på Brusetsetra. 

laftekurset foregikk inne i reiskapshuset på Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Gjengen hadde det iallfal triveleg og sosialt i lag. I dag feira dei bursdagen til Ola Dalsegg, og ei utspekulert går var sjølvsagt ein tube med fugeskum som var innpakka i eil polpåsse – til god hjelp dersom nåvene ikkje fell heilt saman. Ola tok det sjølvsagt for den spøken det var og sette pris på «jubileumsfeiringa».

Lunchpause – her var det nok ymse historier som vart fortalt og alle egnar seg nok ikkje på trykk! Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Kvendset i full konsentrasjon – og med blyanten klar til bruk. Foto: Jon Olav Ørsal

Her er det kristoffer Nordvik som får gode råd med kursleiaren Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar sjekkar nåva som Per Åke Jacobsson har laga. Foto: Jon Olav Ørsal

Ola hadde bursdag! I polposen var det spøkefullt nok ein tube med fugeskum! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 29. februar 2020, 19:00