Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for fjelltur – skuterspor til fjells

Jon Olav Ørsal Fredag 28. februar 2020

Det er køyrt opp skuterspor til fjells både i Øyalia opp tmot Skihytta og frå Innerdalsmerket opp til Tristeinan.  Det er godt føre, men det er meldt litt sør austleg vind dei neste par dagane. Ein må pårekne litt snøfokk i høgda, seier Gunnar Nordvik i TILs ski- og friidrettsgruppe.

Det har vore litt fokk i høgda, så det er lurt å være litt forsikt med tanke på rasfare der det er skvalar med overheng. Etter vêrmeldinga på yr.no så er det meldt vinstyrke frå 5-15 m/sek og 5-6 kuldegrader så det er nok lurt å kle seg godt.

Barn i løypa på Tjønnmyran
Denne veka blir det arrangert «Barn i løypa» på måndag kveld, frå kl 18:00 og utover.  Neste veke artar skigruppa med arrangement på søndagar frå kl 13:00, slik at ein kan nytte solgangen maksimalt på Tjønnmyran og satsar da på litt sosial trivsel og kan prøve seg med litt grilling og kanskje kaffe og bakels…?

 

Publisert: 28. februar 2020, 18:47