Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med interessant og opplysande helsekveld

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. oktober 2020

Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!

Les heile saka

Inviterer til handledag

Jon Olav Ørsal Måndag 26. oktober 2020

Torsdag kveld inviterer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal til «Handledag» med utvida opningstid til kl 20 om kvelden.  Det har nærast vore tradisjon med «damenes aften» på denne tida, med coronasituasjonen har gjort det naudsynt å tone dette ned til å arrangere ein handledag.  Årets handledag omfattar både Byggmakker og Hageland Surnadal som altså begge har langope denne kvelden.

Les heile saka

Fine haustturar!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. oktober 2020

Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.

Les heile saka

Indre Nordmøre Senioruniversitetet – Foredrag med Audun Aas

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. oktober 2020

Torsdag 12.november klokka 13:00 kjem overlege i anestesi ved Sykehuset Østfold til Indre Nordmøre Senioruniversitet og held foredrag, eit foredrag han har kalla Smertesansen er både vår venn og vår fiende». Audun Aas har hatt  smertebehandling som spesialinteresse sidan 1991, og gav i 2018 ut boka «Smerteboken – Fra vondt til bedre». Dette er ei bok som samanfattar moderne kunnskap om og forståing av fenomenet smerte, retta mot lesarar utan helsefagleg bakgrunn. 

Les heile saka



Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 26. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Natt til søndag stiller vi klokka

Jon Olav Ørsal Fredag 23. oktober 2020

Natt til søndag 25. oktober stiller vi klokka éin time tilbake og går frå sommartid til normaltid. Kl. 02 natt til søndag stiller vi klokka ein time attende.  Er du i tvil om korleis du skal stille om til sommar- eller vintertid, så er regelen at du alltid stiller klokka mot sommaren.

Les heile saka

Inviterer til kaffelag på Frivilligsentralen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. oktober 2020

Med nyopna Frivilligsentral, ønskjer Surnadal pensjonistlag å invitere sine medlemar og andre til kaffelag på Frivilligsentralen på Skei.  Leiar i pensjonistlaget, Helge Røv, fortel at han har bestillt lokala kvar fredag frå kl 11:00 til kl 15:00 til.  Førtkomande fredag – 23. oktober – startar vi først kl 13, men seinar blir det altså kvar fredag frå kl 11 – og det skjer altså i Fiskebygget på Skei, der det for mange år sia var klebutikk – Centrum klær. 

Les heile saka


«JULEFRYD» i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. oktober 2020

Søndag 6.desember klokka 14: 00 arrangerer Vårsøghelga førjulskonsert med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad (mezzosopran) i Stangvik kyrkje.

Les heile saka

Gjenopnar Frivilligsentralen etter 7 månader

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. oktober 2020

Da frivilligsentralen opna 10. mars, var det berre såvidt dei rakk å opne døra for brukarane – før dei måtte stenge igjen.  I dag – etter 7 månader med koronastenging var det markert at dei opna dørene igjen.  – Vi var max uheldig med timingen for opninga, men er glad for at vi no har fått opne dørene igjen, seier Hilde Staveli Solli som er dagleg leiar ved Frivilligsentralen. 

Les heile saka