Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt smittetilfelle av covid-19 i Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 26. oktober 2020

Det er påvist eit nytt smittetilfelle med covid-19 i Surnadal kommune, skriv kommuneoverlege Bjørn Buan i ei pressemelding som er sendt ut i dag. 

Personen det gjeld er ein utanlandsk gjestearbeidar som nyleg kom til kommunen. Vedkommande var allereie i innreisekarantene og er no isolert. Ein nærkontakt er sett i karantene. Så langt vi veit er det berre tal om ein person som er nærkontakt. Smittevernteamet i kommunen har god kontroll på situasjonen, står det i pressemeldinga.

Publisert: 26. oktober 2020, 10:22