Det dreier seg om ein vaksen person som ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Personen er isolert og nærkontaktar er sett i karantene. Under smittesporinga har det kome fram informasjon om mogleg smittespreiing til skular. Det er så langt ikkje påvist smitte, men årstrinn smittesporinga vedkjem er stengt inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang gjeld denne stenginga fredag 11. desember 2020.
Les heile saka
Stor aktivitet på isen på Bordholmen
Sidan det vart lagt is på Bordholmen for snart to veker sidan har det vore stor aktivitet både på og utanfor isen. Det er Knut Bergli og Finn Ranes frå Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som har hovudansvaret for isprepareringa, ein jobb dei skjøttar til fulle. Ungar i alle aldrar har dei siste to vekene kosa seg med ishockey og skeiser.
Les heile sakaTest pågår
Her har vi lagt ut en musikkfil som skal testes – Todalen kyrkje
Les heile saka
Æ elske å arbeide med blomster
Ida Bochkon er blomsterdekoratør på Hageland Surnadal, og jobbar mykje med snittblomster/bukettar og sorgbinderi i ein eigen «verkstad» inne i butikken. Ho har godt lag med blomster, og det skal da berre mangle, for ho har fagbrev som blomstedekoratør. Det går leikande lett å sette sammen ein flott bukett med fargerike blomster som praktisk talt lyser opp i den mørke årstida vi no er inne i.
Les heile saka
Nyttårskonsert med TrondheimSolistane på Surnadal kulturhus
Fredag 8.jaunuar kl. 19:00 kjem TrondheimSolistane til Surnadal kulturhus for å halde, sin etter kvart, tradisjonelle nyttårskonsert. I år har dei med seg sopranen Eir Inderhaug som solist. Elevar frå kulturskulane i Surnadal og Sunndal, under leiing av Synnøve Hammervold, vil opne konserten i samspel med TrondheimSolistane.
Les heile saka
Sjekk om du vart ein vinnar?
I dag har det vore trekkjing i den digitale basaren til Nordvik Grendalag. Det var mange gevinstar og selt mange lodd, og det har skapt mange vinnarar som nok er spente på om dei er komne med på trekningslista. Vi skal ikkje halde dykk på pinebenken, så det er berre å trykke på linken «les meir» så får du sjå heile trekningslista! Nordvik grendalag nyttar høvet til å takke alle som har bidrege med loddkjøp!
Les heile saka
Laurdag 12.desember sel Start 4H kornband på Matkroken
Førstkomande laurdag, den 12.desember, mellom klokka 11:00 og 15:00 vil medlemmer frå Start 4H ha stand med kornbandsal utanfor Matkroken Todalen. Kornbanda kostar 100,- kroner. Sjølv om det så langt ikkje er snø og difor god tilgang på mat for småfuglane, så kan det likevel vere ein god ide å sette opp kornband slik at […]
Les heile saka
Sulvatnet mellom Sulene vant månadens bilete
Eit flott bilete av Sulvatnet vant månadens bilete for November. Vi gratulerer til Trine Engdal Storholt. Under finn du alle bilete med i kåringa sammen med fotograf. Takk til alle som sender oss bidrag
Les heile saka
«Minnenes melodi»: – Prima lokalhistorie frå Mosokn
For nokre veker sia kom Grete Oddny Moen Aarnes på marknaden med ei bok på eige forlag. «Minnenes melodi» hadde ho kalla boka og det er ein slags mellomting mellom minnebok og bygdebok, der Grete har skrive om oppveksten sin i Øvre surnadal, eller rettare sagt Mosokn. Ho startar forodet i boka med å fortelje at ho har lyst til å skrive om barndomen sin og om oppveksten og opplevelsane ho hadde i Mosokn. Det er nok eit godt utgangspunkt for å få til ei god bok.
Les heile saka
TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga
Vi kan jammen seie at TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga,eller kanskje ein heller skal seie Vårsøgåret, på ein verdig måte. Jammen fekk vi vera vitne til ei flott førestilling i Storstua på kulturhuset søndag ettermiddag – TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor må være noko av det ypperste vi kan bli bydd på her på traktene.
Les heile saka
Godt utført elevarbeid på kvilebu til Kavlvegen kultursti
Frå prosjektleiar for Kavlvegen tursti, Anne Lise With Wullum, har vi fått ein rapport som fortel om arbeidet med å bygge ei lafta kvilebu på Åsen bygdemuseum. Dette var eit prosjekt byggteknikklinja ved Surnadal videregåande skule, saman med faglærar Johan Almås og tradisjonshandverkar Torgeir Leivdal, skulle gjennomføre og ferdigstille våren 2020. Men så kom Koronaen og prosjektet kunne ikkje fullførast på grunn av at samfunnet vart stengt ned frå midten av mars. Difor er det Åsen bygdemuseum, der lærebedrifta Husasnotra ved Geitbåtmuseet Nordmøre Museum som har teke over arbeidet med å fullføre kvilebua. Onsdag var byggteknikklinja ved Surnadal vgs. på Åsen for å sjå på framdrifta i prosjektet, så om dei ikkje fekk fullføre prosjektet så følger dei ivrig med på arbeidet som blir gjort. Tømmeret til kvilebua kjem frå Svinvika.
Les heile saka
Stor aktivitet på byggefronten i Bindal
Bindalsbygg og Talgø Møretre har den siste tida opplevd stor aktivitet på byggefronten i Bindal. På Terråk var det denne veka overlevering av Hellifossen kraftverk, der Bindalsbygg har hatt betydelege levranser gjennom samarbeidspartneren Nærøysund Entreprenør. I Terråk sentrum er det ein 4-mannsbustad i to etasjar under bygging, og er planlagt ferdig på etterjulsvinteren.
Les heile saka