Det syns kanskje ikkje på bileta at året 2020 vart litt annerledes, mange flotte bilete er satt opp til kåring for å bli årets bilete for 2020. Vi ynskjer hjelp til å finne riktig vinnar. Stem på din favoritt i veka som kjem. Og den med flest stemmer vinn sitt eige bilete innrama og klart til å henga på veggen. Årets bilete publiserast på vårt årsmøtet i mars.
Les heile saka
Ei rumpetaske for skismøring vart torsdag funne på strekninga mellom Todalskysset og Todalen – og er levert inn som hittegods hos Matkroken i Todalen. Er det du som har mista utstyret så er det berre å stikke innom butikken så kan det ligge an til gjenforening!
Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider.
Les heile saka
I ein epost frå Monika Klungervik, ved Rossåa settefiskanlegg, har vi fått eit referat frå gårsdagens planting av augerogn i Toåa ovanfor Ramsøya. Augerogn er laksefoster som har fått synlege auger. Tida det tek frå stryking, som skjer i oktober, og fram til det har blitt augerogn, tek rundt 220 DGR (døgngrader) og er såleis direkte påverka av temperaturen i vatnet i elva. Vanlegvis skjer plantinga av augerogn i Toåa i slutten av februar eller i starten av mars. Sidan temperaturen i Rossåa siden oktober har vore høgare enn vanleg, har augerogna vokse raskare og årets planting vart difor 1-1,5 månad tidlegare enn vanleg.
Les heile saka
Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen. Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor.
Les heile saka
I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig.
Les heile saka
Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.
Les heile saka
I ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar.
Les heile saka
På regjeringas pressekonferanse i dag vart vi informert om at dei vidarefører dei fleste tiltaka for å begrense smittefarenn. Men det blir gjort enkelte endringar for å lette på enkelte tiltak – mellom anna blir det atter høve til å ta i mot besøk heime med inntil 5 personar dersom du har plass. Men 1-metersregelen gjeld framleis!
Les heile saka
Statens naturoppsyn felte ein jerv i samband med skadefellingsoppdrag i Trollheimen. Det skjedde i Vassdalen som ligg i Snota-massivet, og det vart bruka helikopter under oppdraget.
Les heile saka
Fjord1 melder at det vil bli redusert kapasitet på avgangen frå Kvanne klokka 05:30 måndag 18.januar. Grunnen til dette er at ferga skal ha med ADR-transport på denne avgangen. Dette reduserer kapasiteten til maksimalt 12 personar. Så skal du ta ferga i morgon tidleg, kan det vere lurt å «styre unna» denne avgangen.
Det er Fjord1 som melder dette i ei melding til redaksjonen.
Les heile saka
Vi har akkurat fått informasjon frå kommuneoverlegen om at enda ein gjestearbeiar har fått påvist Covid19-smitte. Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om at det var registrert nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om i går.
Les heile saka