Det er tid for russetreff igjen og vanlegvis er det eit sikkert vårteikn, men det siste året er det ikkje mykje som har vore sikkert – pandemien har prega både russefeiring og det meste av andre aktivitetar. At det arrangeres russetreff igjen er difor eit godt teikn og det ga også Liv Dalegg uttrykk for da ho ønska velkomen til russetreff i Kulturhuset måndag ettermiddag. I år vil russen få lov til å ha ei viss russefeiring igjen, i samråd med kommuneoverlegen.
Les heile saka
Snart er det klart for ny tursesong for Surnadal Pensjonistlags fjellgruppe. 11. mai er det klart for første tur som går til Kvalnesvika. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.
Les heile saka
Alle som tidlegare i vinter vart vaksinerte med vaksinetypen frå AstraZeneca får tilbod om dose 2 med vaksinetypen frå Pfizer/BioNTech eller Moderna, såkalla mRNA-vaksiner. Dette har FHI bestemt. Vaksinetypen frå AstraZeneca er inntil vidare sett på vent.
Les heile saka
Med bakgrunn i endringar i retningslinene til Norges Idrettsforbund må alle medlemmer i Todalen Idrettslag vere registrert i Idrettsforbundet sin medlemsportal «Min idrett». Dersom nokon ikkje er registrert her, får ikkje Todalen Idrettslag stønad for vedkommande, korkje frå Idrettsforbundet eller Surnadal kommune sine kulturmidlar. Todalen Idrettslag ønsker difor at alle medlemmene deira, både nye og gamle, oppdaterer e-postadressa si på nettsida: https://minidrett.nif.no/
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Det er eit sikkert vårteikn at Sanitetskvinnene er på plass for å selje maiblomster, men i dag lava snøen ned utanfor Halsbua. Det var lite som minte om vår, og det var lite som inspirerte til vårpynting.
Les heile saka
Ein kan vel rekne med at det er dei siste krampetrekningane frå vinteren vi opplever no om dagen. Det er nok litt forskjell på snømengden – minst nærast sjøen og mest når du kjem oppi høgda og eit stykkje frå sjøen. Det er slett ingen drømmejobb å brøyte på slikt føre.
Les heile saka
15.april stilte Senterpartileiar og Stortingsrepresentant, Trygve Slagsvold Vedum, skriftleg spørsmål til kommunal- og mederniseringsminister, Nikolai Astrup, om status for royalimpregnert kledning. Bakgrunnen for spørsmålet til Vedum er at Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) i januar fremma eit krav om testing av royalbehandla trekledning.
Les heile saka
Snart er det mai og tid for vårpynt. Laurdag 24. april sel Todalen sanitetsforeining maiblomster på Matkroken.
Les heile saka
Den gamle kranhallen på Talgø MøreTre på Syltøran i Surnadal kjem til heider og verdighet igjen, og blir no eit topp moderne høvleri. Den gamle kranhallen er på ca 1500 m2, og passer akkurat for å installere maskiner og utstyr som skal brukes til å produsere mellom anna terrassebord i det nye høvleriet.
Les heile saka
Som ein direkte konsekvens av utvaskinga av sjøbotnen ved den Rykkjem fergekai, blir det frå og med laurdad 24.april og ut juni lengre overfartstid og færre avgangar i fergesambandet Kvanne – Rykkjem. Dykkarinspeksjonar har nemleg kartlagt at utvaskinga av sjøbotnen på Rykkjem fergekai aukar. Difor må overfartstida aukast, slik at ferga kan bruke mindre motorkraft og lågare fart når den legg til kai på Rykkjem. Dette skal minske belastningane på sjøfyllinga fram til ho er sikra.
Les heile saka
Fredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.
Les heile saka