Måndag kveld hadde både Søya/Todalen J9/10 og G9 trening på Bordholmen stadion. Det er Jens Nervik og Ole Martin Øyen som er Trenarar for J9/10 laget, medan Jostein Kvendset er trenar for G9/10. Båe laga har hatt fleire treningar, og neste veke tek kampane til.
Les heile saka
I dag markerte Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank at dei går saman til ein ny storbank under namnet Sparebank1 Nordmøre. I dag skjer altså den formelle og juridiske samanslåinga, medan den tekniske samanslåinga er litt meir komplisert på grunn av at bankane har forskjellige teknisk plattformer. Dette tek det litt lenger tid for å få til å gå i lag.
Les heile saka
Fjellgruppa i pensjonistlaget er glad for å kunne invitere til tur att! Tysdag 11.mai går turen frå Kallset til Kvalnesvika. Alle som vil vere med møter på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00, for å organisere samkøyring til Kallset. Stien frå Kallset til Kvalnesvika går litt opp og ned, men er grei å gå, og fri for snø.
Les heile saka
Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte onsdag 16.juni klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Frist for å sende inn saker ein ønskjer å ta opp er på årsmøtet, må sendast til bgansnes@online.no innan måndag 31.mai. Frist for å seie frå seg verv er 10.mai, og skal sendast til ragnar.halle@gmail.com
Les heile saka
Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift for 2021 er godt i gang. Det blir da årsskrift nr. 20 – altså eit lite jubileum.
Les heile saka
Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden. Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad – blir vi mange, så er det fort unnagjort!
Les heile saka
Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!
Les heile saka
Redaktør Knut Brevik i blada Villmarksliv, Jakt og Alt om fiske, har laga ein podcast med Gudmund Kårvatn. Her fortel Gudmund om målestasjonen for luft og vatn på Kårvatn, som vart etablert i 1976 av NIVA. Bakgrunnen for etableringa var at vatna og lufta er dei reinaste i Nord-Europa, og blir brukt som eit såkalla «nullpunkt» og dermed er eit referansepunkt for andre målingar som blir gjort.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. mai. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
På Adressa.no kunne vi laurdag 1.mai lese om utflytta todaling Kåre Olav Mossing (42), som er «kongen» av Airbnb i Trondheim. Kåre Olav leiger ut rom i si eiga leilegheit, samstundes som han bur der sjølv. Som vi ser, så har Kåre Olav pynta opp leilegheita si med levande blomster, planter og lys litt over snittet, og det er blomster og planter i alle rom. Dette ser ut til å gå heim hjå dei som ønskjer å leige rom i Trondheim for ei natt, eller ein kortare periode. Tal frå Airbnb syner at Kåre Olav er den med flest utleigedøgn i Trondheim, som er formidla gjennom Airbnb sitt booking system.
Les heile saka
1. mai er startdato for StikkUt-aktivitetane over heile fylket. Laurdag var det parkert mange bilar på parkeringsplassen til Arboretet, og det vart nok ein flying start for det flotte turmålet som Svinviksrunden er. Vi var innom og logget oss på og fikk prøve den nye og oppdaterte appen, som fungerte bra og gjorde det lettvint å logge seg på og registrere besøk.
Les heile saka
Når standhaftig snøbyger peip rundt novene for eit par veker sia var det nok mange som heller venta på vår og varme. På Hageland Surnadal var dei nok spendte på kva Tregde & Co hadde å by på når dei oppdaterte vêrmeldinga på yr.no. Etter kvart har dei da funne att sola , men varmen er det berre så som så med. Men no blir det etter kvart betre og på Hageland bugner det av både blomster, busker og planteskulevarer som berre ventar på å få seg ein ny heim i ein eller anna hage på «indre».
Les heile saka