Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

11.03.2021: Ny og oppdatert pressemelding frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. mars 2021

Det har vore mykje att og fram rundt informasjonen om vaksinasjonsprogrammet i det siste.  Vi har derfor trekt attende pressemeldinga som var lagt ut tidlegare i dag, og legg no ut ei ny og oppdatert pressemelding om AstraZeneca-vaksina frå Surnadal kommune.
På grunn av nye opplysningar om reaksjonar etter vaksinering med AstraZeneca sett FHI vidare vaksinering med denne vaksinetypen på vent.  Bla videre og les pressemelding frå kommunen:

Les heile saka

Tre over vegen på Nordvik og ustabil mobildekning

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. mars 2021

I 10-tida var vegen i Rabban (mellom Nordvik og Åsbø) stengt i ein kortare periode, fordi eit tre hadde blese ned og låg over vegen. Treet vart raskt fjerna av folk som kom til staden, slik at vegen var stengt i berre 15 – 20 minutt. 

Les heile saka


Kårvatn Skimo 2021 er avlyst!

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. mars 2021

Kårvatn Skimo må avlyses! Det er med tungt hjerte at vi må innse situasjonen og med anbefaling fra kommuneoverlegen må vi dessverre avlyse Norgescup og KM neste helg. Det er med bakgrunn i økt smittespredning nasjonalt at tiltakene strammes inn. Det ser nesten ut som vi må sette en strek for konkurranser resten av skisesongen også i år, og håpe på at 2022 blir som normalt, skriv Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider.

Les heile saka



Odd Arild Sande valt til ny leiar i Nordvik Grendalag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. mars 2021

Tysdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag. i Nordvik forsamlingshus. På grunn av koronasituasjonen var det påmelding i forkant, spriting av hender når ein kom og dro. Møtedeltakarane var òg plassert med god avstand til kvarandre. Kaffebrøda kom innpakka frå butikk, så ein kan trykt seie alle smittevernreglane var godt ivaretekne under årsmøtet. Odd Arild Sande vart valt til ny leiar etter Oddvar Mikkelsen. 

Les heile saka

Digital Fasteaksjon i år

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mars 2021

Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle  Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for  bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år.  

Les heile saka

POP UP-utstillinga vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. mars 2021

Pop Up-utstillinga i finstuå på Surnadal kulturhus 8.mars vart ein stor suksess. 15 lokale kvinner og 1 mann hadde meldte seg på med eigenproduserte kunstverk til utstillinga. Responsen frå publikum var òg veldig bra, dei tre timane utstillinga var open. 

Les heile saka

Kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. mars 2021

Så langt i år har Sanitetsforeninga arrangert fire kløverturar; alle fire med god deltaking og i bra ver.

Les heile saka