Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Friliftslivets uke» markert i skikkeleg vått haustvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. september 2021

I ettermiddag markerte Trimgruppa og Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, på vegne av Surnadal kommune, «Friluftslivets uke» på Tjønnmyra. Vêret var slett ikkje det beste, men trass i dette møtte det opp mykje folk for å vere med på markeringa. 

Sykling i hinderløype var populært. Foto: V A Ansnes

Trimgruppa arrangerte rundturen om Tjønnmyra, turen som er Stikk UT!-tur i år. Det var felles avgang frå Gammelfabrikken klokka 18:00, og deltakinga var sjølvsagt sterkt påverka av vêret og vart difor ikkje all verda. men dei som var med var godt nøgd likevel! 

Klatring i klatreparken. Foto: V A Ansnes

Barne- og ungdomsgruppa arrangerte sykling med hinderløype for den yngre garde. I tillegg var det lagt opp til klatring i klatreparken. 

Magne deltok på syklinga. Foto: V A Ansnes

Arrangørane spanderte «bålkaffe» til dei vaksne, saft til ungane og skuffkake. Somme hadde og teke med seg grillmat, og nytta høvet til å grille seg ein godbit. 

Utforsking av feller. Foto: V A Ansnes

Alle som var på markeringa vart registrert og var med i trekninga av fine premiar. 

Loddtrekning er alltid spennande! Foto: V A Ansnes

Sjølv om vêret heilt klart kunne ha vore mykje betre, så vart det ei fin og vellukka markering av «Friluftslivets uke» med god deltaking!  

Publisert: 8. september 2021, 19:20