Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er mykkjy så kjem fram når snøen forsvinn

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. mai 2021

Songteksta til Gluntan er stadig like aktuell – det er faktisk mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn.  Leiar i Nordvik grendalag har tømt søppelsennen han samla mellom Svinvika og Nordvik, og viser at det er nyttig å samle søppel rundt vegkantane.  Nordvik Grrendalag hadde aksjon måndag kveld for å rydde til 17. mai og for å rydde vekk alt søppel som har vorte liggande i løpet av vinteren.

Les heile saka

Storfin sesongopning for fjellgruppa i Pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. mai 2021

Fjellgruppa i pensjonistlaget opna årets sesong med tur frå Kallset og utover til Kvalnesvika i Bøfjorden. Vêrgudane varta opp med strålande solskin og varme i lufta, så det vart ein fin tur for dei totalt 32 som var med på turen. Så ein kan trygt seie det vart ein storfin start på årets sesong for fjellgruppa til Surnadal Pensjonistlag. 

Les heile saka

11.05.2021: Status frå koronavaksineringa – ein periode med kun vaksiner til dose 2

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. mai 2021

Vi vaksinerer like mange som tidlegare, men med vaksineforsyningane vi får frå FHI no, vil det kun vere til dose 2 vi får vaksiner.  Dette betyr i praksis at det blir ein kortare pause i vidare innkalling til dose 1 i gruppe 4. Vi tek sikte på å kunne starte opp med innkalling til dose 1 for denne gruppa seinast i veke 22. FHi har varsla at det vil bli eit betydeleg løft i antal vaksinedoser inn til landet frå juni og utover. Mange kommunar heng litt etter no i mai, men ventetida er, trass i alt, snart over for dei fleste.

Les heile saka

Vårdugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. mai 2021

I går kveld var det dugnad i Toåa tursti. Mange hadde møtt opp for å hjelpe til, så alt som skulle gjerast vart ferdig på snaue halvannan time. Det vart køyrt på grus rundt gapahuken ved Båthølen. Det er no grusa opp, slik at det er lett å kome inn på platten ved gapahuken med rullestolar og barnevogner. 

Les heile saka

Mange med på kløvertur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. mai 2021

Så vart det endeleg vår og varme med teppe av kvitsymre på bakken, grønskjær i bjørka og glitrande elv; – ein perfekt dag for kløvertur.

Les heile saka

Vatningsutstyret er framsett på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mai 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv. 

Les heile saka

No kan du booke bord på Todalshytta på nettet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2021

No er det gjort utruleg lettvint å booke bord på Todalshytta.  Du kan no booke via PC, nettbrett eller telefon – enkelt og greit.  Etterpå får du bekrefta di bestilling pr e-post eller messenger. Enkelt og greit både for deg som er kunde og for oss på Todalshytta som tek i mot bestillinga.  Sjølvsagt kan du også bestille via telefon eller personleg frammøte – dersom du heller ønskejr det, seier Arve Evensen til Todalen.no.

Les heile saka

Lia Gard – Utleige av geiter sesongen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. mai 2021

Beitesesongen nærmar seg med stormskritt. Lia Gard vil i år, som i fjor, leige ut geiter for landskapspleie. Lia Gard har i år omlag 40 geiter for utleige. Geitene er perfekte for alle som ønskjer ein økonomisk og berekraftig metode for lanskapspleie. Lia gard tilbyr utleige av geit til kommunar, kraftselskap, idrettslag, hytteforeiningar, gardbrukarar, bedrifter og private som ønskjer å utføre landskapspleie. 

Les heile saka



Da er Toåa tursti heilt ferdigbygd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. mai 2021

Torsdag gjorde Per E. Gjeldnes Maskin ferdig siste parsell av Toåa tursti. Fram til no har det vore ein omlag 200-250 meter lang smal grus-sti som stod att før turstien kunne reknast som heilt ferdig. No har altså denne parsellen òg fått same universelle utforming som resten av turstien, frå gapahuken ved Båthølen og nedover til Hallsetbrua. Den universele utforminga gjer at òg folk med rullestol og barnevogn no kan bruke heile turstitraseen og dermed få full glede av Toåa tursti.  

Les heile saka

Stem på månadens bilete for april

Mari B. Redalen Laurdag 8. mai 2021

Kom mai du skjønne milde, her kjem månadens bilete kåring for april som ikkje var riktig så mild. Stem på bilete du likte best slik at vi kan kåra ein vinnar.

Les heile saka