Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik til Kårvatn – klubbritt for full fres

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2020

Tysdag kveld 2. september arrangerte Trollheimen Sykkelklubb det årlege klubbrittet frå Nordvik til Kårvatn. Ikkje uventa var det Håvard Gjeldnes som nærast tangerte rekorden på tida 33,39 men Stig Mikkelsen var hakk i hel og kom inn på tida 33,42. Tredjeplassen kapra Eskil Håvik på tida 34,03. 

Les heile saka

Finvêrstur til Vassdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2020

Tysdag 1. september, var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Vassdalen i Vindøldalen. Det var nydeleg vêr og vi hadde ein skikkeleg fin tur!  Anne-Sissel og Nils Mogstad har sendt oss blider frå turen, og det ser da reint så idyllisk ut.  Og jammen hadde dei vêret med seg på turen denne gongen også – med klår haustluft som er med og gjer utsikta heilt unik.

Les heile saka


Fotballkamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. september 2020

Torsdag 3. september er det fotballkamp mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G10 1 på Bordholmen kl. 18:00! Då er det duka for første kamp på Bordholmen denne sesongen. Koronasituasjonen har ført til at sjølv om vi no skriv september så har sesongen knapt starta for borne- og ungdomsfotballen. For Søya/Todalen G9/10 er dette tredje kampen denne sesongen.

Les heile saka

Trekningsliste – Sommarlotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. august 2020

Måndag ettermiddag kl. 19:45 var det trekning i Sommarlotteriet til Todalen Idrettslag. Totalt vart det selt 870 lodd, noko som gjev 17.400 kroner til drifta av idrettslaget. Inntekta frå lotteriet er særs kjerkoma i desse Koronatider der det er vanskeleg å finne inntektskjelder til drifta av idrettslaget.

Les heile saka

Godt turver og god tur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. august 2020

Siste måndagen i august kom med sol og fint ver; perfekt dag for Kløvertur. Dagens tur gjekk frå Bruset innover langs Storelva til Hengebrua, og tur utover att på Halasida; dette er ei kjøle fin turrute! Her er det mange fine kvileplassar, tavler med interessante lokalhistoriske opplysingar, og graset langs elvebreidda er alltid nyslege.

Les heile saka


Regnvåt gudsteneste i Arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. august 2020

Søndag var det utandørs gudsteneste i Svinviks Arboret. Vêrgudane varta opp med variert vêr og det måtte takast to pausar under gudstenesta då det regna på det meste, men etter kvart kunne både barnedåp og resten av gudstenesta fullførast. Mot slutten kika sola til og med fram og varma dei mange frammøtte. Det var liturg Kristin Strand som leia oss gjennom gudstenesta. Dagens tekst hadde Strand henta frå Matteus Evangeliet. Bernt Idar G. Bøe spela orgel/keyboard og P17 Koret bidrog med song. Dagens takkoffer gjekk til konfirmantarbeidet i Todalen kyrkje. Til slutt var det presentasjon av neste års konfirmantar.  

Les heile saka

Kløvertur frå Bruset til Hengebrua

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. august 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. august frå Bruset til Hengebrua. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

AP-årsmøte på teams for første gang – fikk respons

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. august 2020

I dag har Surnadal Arbeiderparti med delegatene Ingrid Bergheim, Annett Ranes, Mons Otnes, Odd Arild Sande og Laila B. Aune deltatt på årsmøtet til Møre og Romsdal AP. På grunn av smitteverntiltak, ble det for første gang gjennomført over videokonferanse/Teams.

Les heile saka

Søndag kl 12:00 – friluftsgudsteneste i arboretet

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. august 2020

Søndag 30. august er det tillyst friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Soknerådet presiserer at den startar kl 12:00 og at det er bestemt at den blir arrangert ute.  Det kan skje at det blir nokre regndråpar under arrangementet, så difor oppfordrar soknerådsleiar Kristian Gjeldnes til å ta på gode sko og varme klede. 

Les heile saka