Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustferieaktivitet hos Stall Lerbrua

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 5. oktober 2021

Tysdag 12. oktober mellom klokka 10:00 – 17:00 er det haustferieaktivitet hos Stall Lerbrua i Stangvik. Aktivitetsdagen er for alle skulebarn frå 1. – 7. årstrinn. Det er lagt opp til mange forskjellege aktivitetar, i tillegg til stell og ridning kan Stall Lerbrua tilby mange andre aktivitetar denne dagen. 

Aktivitetar på aktivitetsdagen vil vere:

🔸️Stelle av hestane, og alle som vil får prøve å ri
🔸️Kos og leik saman med dei 18 kasjmirgeitene
🔸️Mate og helse på dei 8 lamaene
🔸️Kos og stell av minigrisen Ninja, hunden Gordon og kattene Salt & Pepper
🔸️Skyte på blink med luftgevær
🔸️Hesteskokasting, frilek med meire
🔸️Det blir grilling på Svisholmen
 
Pris kroner  600,- pr. person inkludert lunsj.
 
Om du er interessert i å delta på aktivitetsdagen hos Stall Lerbrua, eller ønskjer meir informasjon, ta kontakt med Ellinor Moen på e-post: lerbrua@hotmail.com, eller telefon: 909 28 115. Bindande påmelding innan 7. oktber. 
 
Det er øvre tak for kor mange som kan delta på aktivitetsdagen, så det kan vere lurt å vere ute i god tid! 
 
Meir informasjon om aktivitetsdagen finn du her: «Aktivitetsdag hos Stall Lerbrua»
 

Aktivitetsdag hos Stall Lerbru. Foto: Stall Lerbru

 

Publisert: 5. oktober 2021, 11:16