Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar for ein ny «fyringssesong» igjen

Jon Olav Ørsal Måndag 4. oktober 2021

Utover hausten er det ein travel sesong med service og vedlikehald av varmepumper.  Kvart 2. eller 3. år er det behov for skikkeleg reingjering av både innedel og utedel for at ein skal få optimal utnytting av energien som driver varmepumpa.  Her er det nemleg vanleg at ein får igjen 4 eller 5 gong den energien som sesttes inn. Svein Stenberg er varmepunpeekspert hos Comfort Surnadal, og no utover vil nok mykje av arbeidstida hans bli servicearbeid på allereie installerte varmepumper i tillegg til nye installasjonar. 

Svein Stenberg frå Comfort Surnadal sjekkar også arbeidskapasiteten på utedelen. Er det ein liten lekkasje verkar den fort inn. Foto: Jon Olav Ørsal

Svein seier at ei skikkeleg reingjering gjer underverker for varmeeffekten, og samtidig får ein sjekka at det ikkje er lekkasje i anlegget.  En liten lekkasje reduserer fort effekten, og til slutt blir det stans.  I tillegg til dette sjekkar han eventuelle feilkodar som har forårsaka driftsstans.    Som sagt anbefaler Stenberg service og reingjering kvart 2. eller 3. år – alt etter kor støvfullt miljø varmepunpa arbeider i. 

Publisert: 4. oktober 2021, 10:47